• Photo: Helge Sunde (Opphavsrett)
  • Photo: Helge Sunde (Opphavsrett)
  • Photo: Helge Sunde (Opphavsrett)

Navarsmedane i Meland

Ole Bastesen - «stamfar for utbreiinga»

Det var ein gong, på midten av 1800-talet, at smeden Ole Bastesen (1807-1891) frå garden Gaustad var innom i smia hjå smeden i Salhus. Bastesen var ein glup og flink smed i heimbygda si, fingernæm i det meste han gjorde. Men ein ting kunne han ikke, noko som Salhus-smeden kunne, å smi navrar. Det var nemleg, også blant  smedane, rekna som litt av ein kunst å smi slike spiralborar, særleg å få dei sterke nok og med «godt bet» og ein fin, bein fasong.  Berre dei færraste fekk det til, og dei var sjølvsagt ikkje interessert i å læra vekk finessane sine. Ein klok mann som Bastesen visste nok dette då han steig inn i smia i Salhus. Ein skulle ikkje få stela kunst! Korleis Bastesen lærte seg navarsmiinga av Salhus-smeden, er det ingen som veit i dag. Men Bastesen fekk kunsten med seg derifrå, og frå han igjen vart navarsmiinga eit utbreiddt handverk i Meland. Alle smedane har i ettertid sett på Bastesen som ein «stamfar» for eigen praksis.

Stor utbreiing

Frå Gaustad spreidde navarsmiinga seg først til Odland på 1860-talet og så vidare til andre gardar i Austebygda. Forutan på Gaustad og Odland vart det drive navarsmiing på gardane Refsgard, Fosse, Fossesjøen, Flatøy, Hopland, Sagstad, Håtuft, Grasdal, Landsvik og Hestenes. Frå 1870 og utetter auka talet på smedar jamnt og trutt, og i toppåret 1920 var det heile 24 mann som smidde navrar i Meland! Meland vart eit smedsenter med spesialkompetanse på eit spesialprodukt. 

«Hurtigsmedane»

I siste halvdel av 1800-talet finn ein mange døme på at bygdehandverkarar spesialisrer seg på å laga nokre få produkt, og alt i 1867 skriv i folkelivsgranskaren Eilert Sundt om dei nyue hurtigsmedane som dreiv produksjonen sin på ein fabrikkmessig måte. Ein av årsakane er konkurransen frå den moderne industrien. Etterspurnaden etter treborar auka også utover 1880-talet, og med sin spesialkompetanse fann smedane seg ein nisje i marknaden.

Del av mangesysleriet

Navarsmedane var som oftast gardbrukarar med smedarbeid som attåtnæring til gardsdrifta. Å driva eit samspel mellom jordbruk og andre næringar har lenge vore den vanlegaste livsforma for folk langs kysten. Gardsbruka er relativt små og  jordsmonnet ofte skrint. Men for mange av småbøndene som kombinerte gardsdrifta med andre næringar var det mogleg å leva ganske bra. Den vanlegaste nærigskombinasjonen var jordbruk og fiske. Smiinga var ei attåtnæring som let seg kombinera med småbruket. Næringa kunne tilpassast årssyklussen i jordbruket og mykje av arbeidet i smia var difor gjort i vinterhalvåret. 

Storproduksjon

Smedane på Fosse, Odland og Hopland hadde stor produksjon og leverte til større grossistar og forretningar langs kysten frå Oslo til Finnmark. Det skjedde ei spesialisering av handverket etter siste krig, og fleire dreiv då med smiarbeid heile året. Arbeidet vart etterkvart også meir mekanisert med elektrisk hammar og pussemaskin. Produksjonen held fram til utpå 1960 og 70-talet. Sidan har den vore meir hobbyprega.

Share to