• Photo: Svein Ulvund (Opphavsrett)

Røyskatt

Ein rask og nysgjerrig krabat.

Røyskatten er det nest minste rovdyret vårt: berre snømusa er mindre. Båe desse er mårdyr, med karakteristiske, litt breie fjes. Røyskatt er ganske vanleg i heile Rallarvegområdet; han er for så vidt vanleg i heile landet. Røyskatten er lett å kjenna att; han sprett rundt i buskas og steinrøyser, og verkar ofte nysgjerrig ved at han stadig kikkar fram for å følgja med.

Røyskatten er ganske liten, under 25 cm lang pluss opptil 10 cm hale, og med korte bein, dyra er ikkje høgare enn om lag 6 cm. Karakteristisk er at han alltid har svart haletipp (det manglar snømusa, som elles er ganske lik). Om sommaren er røyskatten gråbrun på oversida og gulkvit under, medan vinterdrakta er vakker i rein kvit. Hannane er vesentleg større enn hoene. Røyskattskinn, særleg vinterpelsen, er høgt verdsett og går under namnet hermelin.

Røyskatt et i hovudsak smågnagarar. I tillegg kan dei ta ein del småfugl, egg og åtsel. Dei er ute på jakttokt heile døgnet, og tek pausar på nokre timar mellom kvar økt. Ein hann må ete tre—fire småmus per dag for å leva godt. Får dei tak i vånd eller rotter kan det gi mat for eit par dagar.

Røyskatten har ganske merkeleg familieåtferd. Hoene er åleine om alt ungestellet, mens hannane gjerne prøver å para seg med så mange hoer som mogeleg. Paringa skjer like etter at hoene har nedkome om våren, slik at dei i prinsippet går drektige i nesten eitt år. Storleiken på kulla varierer med næringstilgangen, men er gjerne godt under 10 ungar per kull.

På snøen er røyskattspor ofte lette å kjenna att, det er to og to avtrykk med ganske lang avstand. Ekskrementa er mørke, og drege ut i ein spiss, som er vanleg for rovdyr.

Share to