• Photo: Ukjent (Opphavsrett)
  • Photo: R. Ødegård (Opphavsrett)

Elektrifisering av Bergensbana

Created with Sketch. Add a comment or suggest edits

Det var brakkelag som sette opp stolpane og skaut plass i tunnelane for master og isolatorar slik at køyreleidninga kunne strekkjast ut.

Nedanfor Hallingskeid budde 30–50 anleggsarbeidarar i ein brakkeleir, dei arbeidde tre skift og tre kokker laga maten. Kvinå og Tunga var mellombels stasjonar under elektrifiseringa av høgfjellsstrekninga. Tryggingstenesta var krevjande, med mange arbeidstog, og på snøoverbygga måtte alle opningane der dampen før hadde kome ut, tettast så folk ikkje kom i kontakt med køyreleidningane. NSB hadde sine eigne anleggsarbeidarar som la køyreleidningane. Dei budde i losjivogner som kunne flyttast der det passa.

Køyreleidningane måtte strekkjast meir enn normalt, og lodda som heldt køyreleidninga i strekk måtte ikkje snø ned. Bærelinene vart utført i bronse i staden for kopar, og på dei mest utsette delane vart avstanden mellom mastene redusert frå 60 til høgst 40 meter. Strekninga Slirå–Sandå synte seg spesielt utsett for ising, noko som gjorde at toga ikkje kunne køyrast. Då måtte arbeidsvogna, «rambukken», ut på sporet, og elektropersonalet sto på plattforma på taket av henne og slo på leidningane med slegge. Leidningsbrot skjedde ofte når det hadde vore særs kaldt, og sola varma dei raskt opp. Då vart det spenning i isolatorane så dei sprakk og leidningane datt ned. Etter at bana vart elektrifisert, tok driftspersonalet over vedlikehaldet. Dei flytta inn i dei 35 nye «elektrobustadane» som vart bygde langsetter bana.

Created with Sketch. Add a comment or suggest edits

Share to