• Photo: Wikipedia (Opphavsrett)

Fiskemåke

Det er ikkje uvanleg å finna fiskemåken på fjellet.
Created with Sketch. Add a comment or suggest edits

Måkar assosierer ein gjerne med kyst, sjø og svaberg, men det er ikkje uvanleg å finna fiskemåken hekkande på fjellet. Fiskemåken er den måkearten i Noreg som er mest tilknytt innlandet. Insekt og meitemark er viktige ingrediensar i næringa. Det at fiskemåken hekkar på høgfjellet er ikkje noko nytt fenomen. Gamle skildringar frå 1700-talet omtalar fiskemåken som ein hekkefugl i nærleiken av ferskvatn på fjellet. Myten om at fiskemåken er eit framandelement i fjellet kan ein derfor avliva.

Langs Rallarvegen er det fyrst og fremst i områda rundt Finse at fiskemåken hekkar, men spreidde par finst også andre stader. Etter enda hekkesesong trekkjer fiskemåkane som hekkar i Sør-Noreg til England og Nordvest-Europa.
 

Created with Sketch. Add a comment or suggest edits

Share to