• Photo: Kjell Andresen (Opphavsrett)
  • Photo: Kjell Andresen (Opphavsrett)

Ungdomshuset – ein norskdomsbastion

Arkitekt Torgeir Alvsaker

Bygget er teikna av arkitekt Torgeir Alvsaker, ein av dei sentrale arkitektane i den nasjonale klassisismen i mellomkrigstida. Mange ungdomslag tok Alvsaker sine bygg til førebilete. Typisk for desse husa er den monumentale stilen, både utvendig og innvendig. Obligatorisk var den faste scenen. Spelstykke med nasjonalt innhald var ein viktig del av norskdomsrørsla sitt program.

Måla sceneteppe

Til scenen i Jondal skaffa ungdomslaget eit måla sceneteppe med motiv frå fjordbygda Jondal. Kunstnaren var Johan Tenol Tuxen, opphavleg frå Vik i Sogn. Han var ein etterspurd målar av sceneteppe og kulisser for ungdomslag over heile Vestlandet; kjend for sine mange skildringar av vestlandsnaturen. I Jondalteppet har han nytta eit eldre fotografi som forlegg, frå 1907. Fruktbløming og grøderikdom — ein del av ungdomslagsrørsla sitt symbolrepertoar — manglar i Jondalsteppet. I staden er det lagt vekt på sjøen, grunnlaget for Jondal si stordomstid.

Share to