• Photo: Svein Nord (Opphavsrett)
  • (Opphavsrett)
  • Photo: draktfigur av Jørgen Garnaas (Opphavsrett)

Radøy kommune

Tre kyrkjesokn - tre kommunar

Det fortel litt om velstand og økonomi på denne lange øya, som sidan mellomalderen har vore delt i tre kyrkjesokn: Manger, Sæbø og Hordabø. Etter svartedauden vart desse kyrkjesoknene, saman med Herdla, slegne saman til eitt prestegjeld — Manger – som i 1837 vart til Manger herad. Dette stod ved lag til 1871, då Herdla vart skilt ut som eigen kommune: nordre del av Holsnøya, nordre del av Askøya og søre del av Øygarden. 

I 1924 vart Sæbø og Hordabø eigne kommunar — Sletta høyrde til Lindas og Straume til Austrheim, og dei tre kommunane på Radøya stod ved lag fram til 1964. Då vart omtrent heile øya ein eigen kommune med Manger som sentrum.

Stadnamn i Radøy

Radøy, Radøyni om øya, hadde i gno. forma Rað, som tyder «ra, grusrygg». Førsteleddet i Kolås er ikkje kol til å brenna, men eldre kola «lufting, blast». Sylta, Utsylta og Innsylta - sjå forklåring under Fjell. Taule, i samansetningane Frotaule (Nordtaule) og Brattaule (Sørtaule), heng saman med gno. þaul «noko innvikla», her om den innestengde vågen ved grenda. Førsteleddet Fro- er uforklart. Skaråsmyra er derimot lett å forstå. Sisteleddet i Manger er gno. angr «trong vik, fjord», førsteleddet kanskje gno. már «måse». Fosnstraumen inneheld gno, fólgsn «gøymestad, noko avgøymt», same som Fosen i Trøndelag. Den langstrekte øya Toska kan ha namn etter fisken, ut frå ei samanlikning.
 

Share to