• Photo: Svein Nord (Opphavsrett)
  • Photo: Svein Skare. B 6362. (Opphavsrett)

Måge - 2000 år gammal steinindustri

Created with Sketch. Add a comment or suggest edits

Ymse reiskap

Kleber har spesielle eigenskapar. Steinen er tung og mjuk og har evna til å halda på varme. Desse eigenskapane har vore utnytta på ulik måte; til å telja til fiskesøkke, til vevlodd eller «kljåsteinar», til støypeformer, til gryter og til steinheller. Gryter av kleberstein har vore nytta i Noreg heilt frå hundreåra før Kristi fødsel, men verkeleg storindustri vart ikkje dette før i vikingtida og i mellomalderen. Den fint profilerte bygningssteinen i mellomalderkyrkjene er kleberstein. Men bruken av kleberstein til gryter i det daglege hushaldet går altså 2000 år attende.

Gryter

Med pigghakke og meisel vart gryta grovforma, slik at ho stod på ein tapp ut frå bergveggen. Så vart gryta hoggen laus, uthola og pussa. Klebergrytene hadde den store føremonen at oppvarminga vart jamn; grytene heldt på varmen og grauten vart ikkje svidd. 

Created with Sketch. Add a comment or suggest edits

Share to