• Photo: Klaus Høiland (Opphavsrett)
  • (Opphavsrett)

Snøull (Eriophorum scheuchzeri)

Starrfamilien. Strå i tette matter. I toppen ein kraftig kvit dusk med snøkvit ull.
Created with Sketch. Add a comment or suggest edits
Gras og grasliknande planter er alltid strevsame, og berre éin art blir omtala her. Denne er til gjengjeld ei av dei meir iaugefallande plantene langs Rallarvegen. Om seinsommaren, i juli til august, står det tett i tett med snøkvite ullduskar på strå, helst der det er fuktig og flatt. Dette er snøull, ei av myrullartene, og den vanlegaste langs Rallarvegen. Ei annen art er duskull, men denne har fleire ullduskar hengjande ned frå toppen av stråa, og flate blad. Snøull har berre éin dusk og smale blad. Ei tredje art er torvull, som minner om snøull, men som veks i tuer. Til forskjell står snøullplantene enkeltvis i matter. Og mens duskull og torvull er låglandsplanter som også går til fjells, er snøulla ei ekte fjellplante.

Det er fruktene som er forsynt med ullhår. Desse gjer at dei lette frøa kan fyka bortover med vinden, og slik spreiast myrullene. Blomane er små, det er berre når plantene ber frukt at me legg merke til myrullene. Ulla kan brukast til å stoppa puter med, men kan ikkje spinnast.

Created with Sketch. Add a comment or suggest edits

Share to