• Photo: Tore Bjørgo (Opphavsrett)

Byrkjehaugen

Created with Sketch. Add a comment or suggest edits

Tre graver frå folkevandringstida

I haugen fanst tre graver frå folkevandringstida. Øvst låg ei steinkiste der ein mann var gravlagd. Han låg på ein bjørneskinnsfell. Under kista fanst eit brannlag med restar fra eit likbål. Den brende var ei kvinne. Ho har vore kledd i sin beste stas og sveipt i bjørneskinn før ho vart brend. På botnen av haugen fanst enda ei kvinnegrav. Her var delar av skjelettet bevart, og ein fann restar av skinn, teppe og klede. 

Familiegrav?

Det er liten tidsskilnad mellom den første og den siste grava. I alle tre fanst leirkrukker, så like i form og dekor at vi må tru dei har tilhøyrt same familien. Og slik er også funnet frå Byrkjehaugen tolka — som ei familiegrav for husfolket på Bø i siste halvdel av 500-talet. 

Velstand og makt

Det veldige gravminnet vitnar om velstand og makt langt utover det vanlege. Og namnet Bø syner at vi her har føre oss ein av dei eldste gardane på Voss. Opphavet ligg langt attende i tida, truleg ei god stund før Kristi fødsel.
 

Created with Sketch. Add a comment or suggest edits

Share to