• (Copyright)
  • (Copyright)

Firfletting

Firfletting er ein gamal teknikk benytta på avslutning av tekstiler. I dag er det veldig få som mestrar denne kunsten.

Ei av dei få som har tilegna seg denne kunnskapen er Torhild Aavik i Bø.

Ho har skrive denne teksten:

"Firfletting er ein gamal teknikk. Fire tråder blir fletta saman til mønstre. Det er muleg å lage ulike dekorative flatemønster i firfletting.

I musea ligg over 2-300 år gamle tekstilar, men handverket har vori kjent lenger tilbake.

Heilt tilbake til vikingtida pynta storfolket stovene sine med tekstilar når det var høgtider og gjestebod.

Ein rest av dette ser me i dag i Midt-telemark der det framleis er ein juletradisjon å pynte stova med julehandkle til jul."

Tekstilane hengast i vindauge (sjå bilde), over gulvklokker og skåp. Julehandkla er laga i lin eller bomull.

 

Share to