• Photo: Ukjent (Opphavsrett)
  • Photo: Ukjent (Opphavsrett)

Serveringspersonalet og restauranten på Myrdal

Stasjonen fekk ein stor restaurant som framleis er i drift. Den fyrste tida vart restauranten driven av stasjonsmeister Stenberg, og dette vart fort ein populær møtestad. Grunnen var nok at dette var ein av dei få stadane der ein fekk kjøpt øl og vin – rett nok berre dei reisande, men dette kunne ein lett omgå ved å kjøpa billett til Upsete.

Frå 1923 tok Norsk Spisevognselskap over drifta av restauranten, og då vart restaurantlokala flytta og utvida. Då var òg depot for spisevognene her. Frå 1976 til 1993 var det Vatnahalsen hotell som sto for drifta. I 1994 tok Narvesens kioskkompani over restauranten, og i dag er han drifta privat. I travle tider om somrane hende det at serveringa vart gjort ute på plattforma: unge kvinner i flotte serveringsforklede serverte kaffi og skillingsbollar mens lokomotivet fekk påfyll av vatn og kol.

Share to