• Photo: Svein Nord (Opphavsrett)
  • Photo: Ann Steindal (Opphavsrett)
  • Photo: Ann Steindal (Opphavsrett)

Oppgangssaga på Herand

Fleirblada sag

Det er ei fleirblada oppgangssag som står her, med plass til 8 blad i sagramma. På denne måten kan ein skjera ferdige bord av ein heil tømmerstokk om gongen; ei effektivisering av dei eldre, einblada oppgangssagene, som den på Stekka i Kvam. Tveitisaga har både oppgangssag og sirkelsag, drive av kvar sitt underfallshjul.

Saghopen borte

Saga ligg like ved fjorden. Tidlegare var det både ein saghop og eit tømmeroppdrag framfor saga. Dette er i dag borte, fylt ut av massane frå bygginga av eit stort oppdrettsanlegg ved fjorden framfor saga; eitt av dei vanskelege kompromissa mellom vern og utvikling av nye arbeidsplassar. Til saga har det også høyrt ei «vassmerr»; eit stort vasshjul med kjetting som drog stokkane opp frå sjøen og saghopen.
 

Framleis i drift

Oppgangssaga var i full drift til slutten av 1970, og leverte breie bord til båtbyggjarane. Dette er ein av grunnane til at oppgangssaga har vore halden så lenge i bruk i desse bygdene. Tveiti sag er freda som teknisk kulturminne og vart gjenopna i 1992 etter restaurering. I dag er den driven av stiftinga Herand Aktiesagbruk A/S, og sel framleis tømmer, m.a. til restaurering av Bryggen i Bergen. Saga er open for vitjing. 

1 comment

  • http://www.youtube.com/watch?v=MSxEeWvde2c&feature=youtu.be

    Se fimen om saga i Herand på Youtube!

Share to