• Photo: Elizabeth Warren (Opphavsrett)
  • Photo: Elizabeth Warren (Opphavsrett)
  • Photo: Svein Nord (Opphavsrett)

Motorfabrikken på Rubbestadneset

I 1902 kjøpte difor hjulfabrikken ein brukt motor frå Stavanger. Haldor, eldstesonen, fekk oppgåva med å ha tilsyn med motoren. Gjennom arbeidet fekk den unge Haldor god kjennskap til forbrenningsmotoren.

Motor til båten

Haldor måtte ofte ro til handelsmannen i Foldrøyhamn, og det varte ikkje lenge før tanken om å laga ein motor til båten, melde seg. Vinteren 1902 var motoren klar for prøvekøyring, og like etter vart han montert i båt.

Frå hjul- til motorfabrikk

Ryktet om denne motoren breidde seg raskt. På denne tida byrja dei første motorane frå utlandet å koma til Bømlo, og interessa for den nye teknologien var veksande. Snart fekk Haldor inn tingingar frå folk i distriktet. Hjulfabrikken vart motorfabrikk.

Wichmann

Det tyske namnet «Wichmann» kom inn i Haldorsen-familien frå Fitjar og vart brukt som namn på den nye motoren. Wichmann-motorane var enkle og robuste, og hadde ein konstruksjon som gav dei fleire hestekrefter enn dei var selde for. Dei fekk snart ry på seg mellom fiskarane for å vera motorar ein kunne lita på.

Storproduksjon

Fabrikken har stadig ekspandert utover hundreåret og hatt mykje å seia for lokalsamfunnet. Wärtsilä overtok bedrifta i 1986. Siste Wichmann-motoren vart produsert til i 1998. I dag er bedrifta ein integrert del av Wärtsilä Norway med produksjon av gir og propellsystem saman med skipsservice. Den gamle smia, kjernen i den første industriverksemda, er flytta ut frå fabrikkområdet og restaurert som museum.

Share to