• Photo: Teikna av Bernt Kristiansen (Opphavsrett)
  • Photo: Sissel Ramstad (Opphavsrett)
  • Photo: Sissel Ramstad (Opphavsrett)
  • Photo: ukjent (Opphavsrett)
  • Photo: ukjend (Opphavsrett)
  • Photo: Foto Wikimedia commons (Opphavsrett)

Lyse kloster

I seinmellomalderen vart Lyse underlagt Sorø kloster i Danmark; tidlegare hadde det lege under Alvastra i Sverige eitt år. Lyse - eitt av dei rikaste kloster i landet - vart nedlagd mellom 1537 og 41 og kom inn under krona.

Bygningane var dels oppførte i kleberstein frå eit steinbrot nordaust for klosteranlegget, i Lysedalen. Då klosteret vart rive, vart det ført kleberstein frå Lyse til bygging av Rosenkrantztårnet i Bergen og Kronborg slott i Danmark.

Cisterciensarkloster

Lyse høyrde til cisterciensarordenen, og som alle dei andre cisterciensarkyrkjene var også denne vigd til Maria. Truleg har det stått eit Maria-alter ved nordmuren i kyrkja, midtvegs ned i skipet. Der er det restar etter eit alterfundament. Cisterciensarordenen voks fram i Frankrike mot slutten av 1000-talet, som ein strengare variant av Benediktinarordenen. Namnet skriv seg frå det første klosteret i Citeaux. Klostra vart bygde på avsidesliggjande stader, og dagane var oppdelte i tidebøner og messer, lesing av oppbyggjelege skrifter og praktisk arbeid.

Dyrkingsarbeid og daglegliv

Lekbrørne rydda skog, braut grøfter og dyrka opp store hagar kring klosteret, og mykje dårleg og vassjuk jord vart dyrka opp og omskapt til blømande enger og hagar av munkane i «Vallae Lucidae» - Lysedalen. Dette var ein del av teologien og samfunnsfilosofien til cisterciensarane. Lekbrørne, som stod for den største delen av det praktiske arbeidet, var underlagde ein mindre streng klosterdisiplin enn munkane. Det var sju faste tidebøner kvar dag; den første ein time etter midnatt. På denne tida nytta munkane, og seinare også lekbrørne, sine respektive «natt-trapper» som førte frå sovesalane og ned i kyrkja.

«Solen staar stille i Gideons dal. Tiden er løftet af Hængsel...»

Det er den danske folkehøgskulemannen Jørgen Bukdahl som i eit glimt gjev oss ei fortetta oppleving av klostersamfunnet i Lysedalen, slik han ser det for sitt indre auga, ein solvarm sommardag når lyset glitrar i dei rike lauvkronene kring klosterruinane. Idag er det eit velstelt kulturlandskap kring Lyse kloster; ein arv frå munkane sin flittige innsats – «Ora et labora».

1 comment

  • Bernt Kristiansen gjorde grundig research før han teikna. Dette er nok svært nær slik munkane, som bygde etter fast mal, bygde Lyse.

Share to