• Photo: Jan Aakvik (Opphavsrett)
  • Photo: Jan Aakvik (Opphavsrett)
  • (Opphavsrett)

Fjellpartiet på Løvsøya med Goaldet

Største delen av Løvsøya er dekt av fjell, med Goaldet som høgste punkt, 490 m.o.h. Fjellpartiet og vestsida av øya har eit godt eigna turterreng.

Løvsøya ligg lengst sør av Nordøyane, mellom Haramsfjorden og Vigrafjorden. Busetnaden finn vi stort sett på den flate strandsona på austsida av øya, som nokre stadar er fleire hundre meter brei frå fjell. Løvsøya har ein tallrik hjortestamme og eit rikt fugleliv. Øya har eit godt oppmerka nett av turstiar. Fjellstiane er merka med raudt og Kulturstien langs fjøra er merka blått. Det er godt mogleg å leggja opp ein rundtur der ein kombinerer stiane over fjellet med stien langs fjøra.

Turmål: Fjellpartiet på Løvsøya med Goaldet.

Særskilde opplevingar: Sjå nedst i artikkelen under aktuelle nettstader.

Kart: Turkart Ålesund nr. 2535, Kartblad 1120 II Vigra.

Parkering: Ved sanitetshuset på Kjerstad, der fjellvegen starter.

Rute: Fjellvegen - Goaldet om lag 1 time, Goaldet - Storhaugen om lag 1 time. Heile runden om lag 4 timar.

Høgste punkt: Goaldet 490 m.o.h., Rønstadheia 260 m.o.h., Storhaugen 291 m.o.h.

Terreng: Du går opp til høgre for Sanitetshuset, der du finn infotavla ved Fjellvegen. Etter eit stykke på skogsveg, kjem du over på godt merka rås. Den går i ope terreng på grasmark og er litt våt enkelte stadar. Det er jamn stigning opp til toppen av Goaldet. Frå toppen er det ei imponerande utsikt frå Stadt og Svinøya i sør til Hustadvika i nord.

Varden på Goaldet har skilt som viser 493 m.o.h., men det kartet som sist er utgitt viser 490 m.o.h. Frå Goaldet er det litt bratt mellom Korstjørna og Rønstadheia, men råsa er godt merka. Ver forsiktig om det er vått. Frå Storhaugen går du tilbake til Rønstadheia og tek av mot sørvest til Rønstad. Her er eit godt parti med høg lyng og eine. Du møter på Øvsteråsa, som går frå Rønstad til Rønstadhelleren. Følg råsa ned til Rønstad. Gå vegen tilbake til utgangspunktet.

Alternativ retur frå Storhaugen: Frå Storhaugen kan du gå ned mot aust til Hellevika eller ned mot nordvest til Bryggja. Begge alternativa har bratt, men god rås og tek om lag ein halv time. Som tredje altenativ kan du følgje rås mot aust ned til nydyrkingsfeltet på Set.

Share to