• Photo: K. Knudsen. Postkort. (Opphavsrett)

Industriføretaka på Hylkje

Hylke Mølle var ei av dei tidlege mølleverksemdene i Nordhordland, og ullspinneriet på Hylkje var mellom dei første industritiltaka i Åsane.
Created with Sketch. Add a comment or suggest edits

Hylke Mølle

Dampskipsførar Johannes Magnusson fekk i 1888 festesetel på vassfallet Hylkjeselven i nordaustlege del av Åsane. Han sikra seg med det rett til å setja opp vassrenner og laga ei demning (stemme). Vassmagasinet kom på grunnen til Almås og Tuft. Mølledrifta starta i 1889, men vart aldri nokon suksess. Dessutan herja ein brann møllebygningen i 1893. Mølla vart bygd opp att, men ho greidde ikkje å konkurrera med dei større handelsmøllene i distriktet. I 1900 var konkursen eit faktum. Mølla blei etter nokre år gjort om til ullspinneri (sjå Hylkje ullspinneri).

Hylke Uldspinderi

Ullspinneriet på Hylkje var mellom dei første industritiltaka i denne delen av Åsane. Johannes Runhovde, Olai Runhovde og Olai Småland kjøpte i 1906 konkursbuet Hylkje Mølle. Dei gjorde mølla om til Hylkje Uldspinderi. I den første tida var fem sysselsette det vanlege, seinare auka arbeidsstokken til 8-10 mann. Frå starten satsa ein på å vera underleverandør til andre fabrikkar, særleg Salhus Væverier. Seinare blei det mykje spinning for bøndene i området. Folk leverte ull og mottok ferdig garn. Framstilling av husflidsgarn til kunstvev og strikkegarn utgjorde også eit satsingsområde.

«Sjoddy»

I 1923 vart bedrifta omorganisert til aksjeselskap. Eit tilbakevendane problem var at spinneriet måtte stogga på grunn av liten vassføring i tørkeperiodar. Dette betra seg etter at jernrøyrar og turbin erstatta trerenner og vasshjul. Ein fillerivar, plassert i eigen bygning på grunn av brannfaren, blei innkjøpt for å produsera såkalla ”sjoddy”, som kunne brukast til dømes i vatteppe og madrasser. Drifta gjekk godt i tida etter andre verdskrig. Fabrikken kunne utvidast, og nye maskiner blei innkjøpte. I 1974 overtok Rolvsvåg Skraphandel aksjane og dreiv fabrikken vidare til midten av 1980-åra. Då vart spinneriet nedlagt. Bygningane fekk ulike eigarar ein periode, men sidan 1988 har ein motorsykkelklubb eigd lokala.

Created with Sketch. Add a comment or suggest edits

Share to