• Photo: Utsnitt gjort av Ragnar Orten Lie (Opphavsrett)
  • Photo: Arkikon.no (Opphavsrett)
  • Photo: Arkikon.no (Opphavsrett)
  • Photo: Per Skotvedt (Opphavsrett)
  • (Opphavsrett)

Fangstanlegg mellom Storvatnet og Fiskbuvatnet

Created with Sketch. Add a comment or suggest edits

Fangst av rein

Reinsdyr er sky og følgjer gjerne faste trekkruter. Reinsdyr kryssar ikkje menneskelagde stengsler, men prøver å gå utanom dei. Dei kan difor lett leidast til bestemte område ved hjelp av gjerde, skræmepinnar og menneske. Ved å bygge fangstanlegg i slike flaskehalsar, og deretter leide dyra mot dei, kunne fangsten optimaliserast.

Fangstgropene framstår i dag som 1 – 1.5 meter djupe groper, omgitt av ein jordvoll. I bruk var forma meir traktforma og hadde ei smal kasse i botn. Sidene og botnkassa var dekte av treplankar og stokkar, noko som gjorde det vanskelegare for dyret å kome seg opp igjen. Sjølve gropa blei dekt med krysslagde kvistar som blei påført mose og lyng. Mellom gropene var det sett opp gjerde. Einaste staden dyra kunne passere var den tildekte flata over gropa. Når dyra prøvde å passere, trakka dei på dekket av mose og tynne kvistar, og datt ned i gropa
 

Datering av dyregroper

Dyregroper for storvilt er kjent i bruk minst 6000 år tilbake i tid, og er i bruk i innlandet fram til 1600 – 1700 talet. Dei vert då utkonkurrert av geværet. Arkeologar er avhengig av å finne bevart treverk for å datere slike anlegg. Men den tørre morenesanden, slike anlegg ofte ligg i, gir dårlege bevaringsforhold for treverk. Det er få slike fangstanlegg som er fagleg undersøkt i vårt fylke. Eit anlegg som ble grave ut i fjellområda ved Aursjøen er datert til 700 talet f. Kr. og var dermed i bruk alt i bronsealderen.

Samfunnsorganisering for å skaffe ressursar

Det er eit omfattande arbeid å etablere slike fangstanlegg. Dette er et lite anlegg, men kan likevel fange eit stort tal med dyr. Ein meiner at anlegga var i bruk og organisert under ei felles leiing som stod for både etablering, fangst, slakting og eventuelt fordeling og omsetjing av kjøt, skinn og gevir. Etableringsfasen for dei store massefangstanlegga er sett i samanheng med periodane bronse- og jernalder då ein fekk etablering av jordbruksbygder. I dei første skriftlege kjeldane, mellomalderlovane frå 1100- og 1200-talet e. Kr., kan ein lese om strenge driftsrettar for slike anlegg.

Historia i fjellet

Det er kjent ein rekke fangstanlegg i dei høgareliggande og meir nakne fjellområda. Her ligg ei rad fangstanlegg med dyregraver mura opp med stein, leidegjerde, og mengder av bogastø som er namnet på et gøymestad for jegerar med pil og boge. Steinalderbuplassane i Sunndalsfjella fortel om jakt med pil og boge på reinsdyr som går 11 000 - 10 000 år tilbake i tid. Dei fleste funn og registreringar er ikkje gjort av arkeologar, men på bakgrunn av tips frå interesserte jegerar og turgåarar.

Created with Sketch. Add a comment or suggest edits

Share to