• Photo: Svein Harkestad (Opphavsrett)
  • Photo: ukjent (Opphavsrett)

Åsane gamle kyrkje

Created with Sketch. Add a comment or suggest edits

Truleg frå mellomalder

I perioden frå svartedauden i 1350 til inn på 1600-talet stogga kyrkjebygginga her til lands opp. Folketapet førde til at mange kyrkjer vart annekskyrkjer utan eigen prest, og ein del kyrkjer blei også nedlagte. Det er såleis rimeleg å tru at kyrkja nemnt i 1598 skreiv seg frå høgmellomalderen, truleg frå 1100- eller første del av 1200-talet. I den første kristne tida er det mogeleg at kyrkjestaden på Saurås vart nytta til samlingar i det fri, til dømes i tilknytning til ein kross av tre eller stein. Her kan også ha vore ein kristen gravstad før kyrkja kom.

Ukjend byggherre

Kven stod bak kyrkjebygginga? Kanskje har biskopen i Bergen i samråd med kongemakta fått reist kyrkjer i områda nær byen. At bygdefolket sjølve tok initiativet, kan heller ikkje utelukkast. I alle høve måtte dei nok stilla som arbeidskraft under bygginga og hjelpa dei profesjonelle, omreisande kyrkjebyggjarane.

Kyrkjestaden Saurås

Val av kyrkjestad var sjølvsagt ikkje tilfeldig. Saurås ligg om lag midt i Åsane. Kyrkja stod dessutan høgt og fritt, og ho var godt synleg frå mange av gardstuna i området. Dessutan gjekk truleg ein gammal ferdselsveg forbi kyrkja. Før 1350 hadde kyrkja på Saurås etter alt å døma eigen prest. Frå ein gong etter 1350 og til siste del av 1500-talet kan det sjå ut som prestar ved domkyrkja i Bergen har hatt ansvar for kyrkja og soknefolket i Åsane. Den gamle nemninga på kyrkja, ”Kapitlet”, og det at ein prest som sannsynlegvis var kapellan ved domkyrkja blei henta til ein dødssjuk mann i Selvik i 1571, tyder på det.

Endringar på 1600-talet

På 1600-talet låg Åsane under Hamre hovudkyrkje. Mange av dei gamle trekyrkjene frå før 1350 blei rivne og erstatta av nye bygg på 1600-talet. Kyrkjerekneskapane for Åsane-kyrkja frå denne tida er ikkje bevarte, men vi må rekna med at det anten vart bygd ei ny kyrkje eller gjort omfattande utbetringar av den gamle. I tingboka kan vi lesa at kvar bonde i Åsane i 1655 skulle betala to mark til å setja kyrkja i betre stand. Det var vanleg at folk på denne tida gav gåver til kyrkjene, til dømes husdyr som kunne leigast ut til inntekt for kyrkjekassen. Åsane kyrkje hadde dessutan ein del sølvgjenstandar og var rikare enn mange andre av kyrkjene i distriktet.

Steinkyrkje i 1795

I 1795 fekk Åsane ny kyrkje, denne gongen bygd i stein. Ho gjennomgjekk seinare fleire ombyggingar, i 1869, 1892 og 1935. Åsane kyrkje vart lenge omtala som eit kapell og soknet som eit kapellsokn. Ved kongeleg resolusjon av 27. januar 1871 blei dette endra til annekskyrkje og annekssokn. Etter kvart som det kom fleire kyrkjer i Åsane, byrja ein å kalla kyrkja på Saurås for «Åsane gamle kyrkje».

Tragisk brann 1992

Natt til julaftan 1992 sette satanistar fyr på kyrkja. Brannen var så omfattande at berre murane stod att. Heldigvis fanst teikningar av kyrkja, og gjenoppbygginga kunne difor gjerast på litt over to år.

Created with Sketch. Add a comment or suggest edits

Share to