• Photo: Ann Steinal (Opphavsrett)

Barndom i Hålandsdalen

Elisabeth Syslak - fødd i 1911 - fortel om bardommen i Hålandsdalen - ein ganske isolert dal i Hordaland

Eg er fødd i Hålandsdalen, og voks opp på ein gard der det budde 2 naboar. Der var mange små hus som stod i ei klyngja. Hyrna av stovene våre stod så nær kvarandre, at far såvidt slapp igjennom med eit høylass. Midt i tunet stod eldhuset, det var felleseiga. Der turka me havrekorn og røykte sild. Naboen hadde det til vedhus, og her stod vår slipestein. Naboen sin slipestein stod i ei halvtekkja ved sida av. Her sat karane og rødde og slipte ljå.

Vedhogst, fjøsstell og slått

 I den andre enden av eldhuset var vårt vedhus. Bestefar sat og hogg ved til han var over 90 år. Me hadde alltid turr ved. Om vinteren var far og mor i utmarka og saga ved. Det hende far køyrde veden heim på isen, det var lettaste vegen. Når me borna kom frå skulen måtte me saga ved. Me hadde kappsag og stor sagekrakk ute, det var arbeid me likte. Elles måtte me tidleg hjelpa til med arbeid både ute og inne. I fjøset brynnte og kosta me kyrne kvar dag. Far stellte hesten, og mor stellte kyr og sauer. Far eller einkvan av oss borna bar vatn inn i fjøset.

Me hadde slåmaskin, men mesteparten slo me med ljå. Siste surnaren bestefar levde greidde han ikkje slå, men han var med på arbeidet og brynte ljåen til dei som slo. Då var han 91 år.

Mat og klede, skulegong og lekser

Bestemor òg arbeidde til vårt beste. Ho såg etter maten, og sytte for at me borna hadde heile og turre sokkar og vottar. Før jul spann mor og bestemor ullgarn. Seinare vov mor til dei båe, og me borna fekk vadmålsklær. Mor sydde litt når ho fekk det utklipt. Far laga tresko, og lappa lerskorne våre. Om vinteren laga han tunneband og seIde. Han skov borken av raune og seljekjeppar og gav kyrne, dei likte det.

Far var den som tok oss i fanget og lærde oss å lesa. Mor fylgde opp, og ho hadde god kontakt med læraren. Leksene i kristendom måtte me kunna på fingrane. Kvar morgon før me gjekk på skulen var me inne i løa der mor stod og viska høy. Med falda hender las me leksa, og gjekk så glad til skulen.

Skulen var det gildaste me visste. Me hadde kort skuleveg, og gjekk heim til middag. Då måtte maten stå ferdig på bordet. Det var graut og skummamjølk, me lika det, og mor syntes det var lettvint. Grauten var kokt av vatn, turka mais, grynmjøl og ein neve havremjøl. Middag hadde me når me kom frå skulen kl. 4. Det var salta fisk, helst brosma, og steikt amerikansk flesk eller spekk. Til sundag var var det kjøt og sodd, eller erter og knokar.

Slakting og baking

Før jonsok slakta me gris, om me hadde. Mor laga sylteflesk som me åt attåt poteter og flatbrød. Røykesild var og snau mat i slåtten.
Ein gong i året baka me flatbrød. Me hadde stort bakstebord, og ei baka føre og ei etter, på same leiven. Far laga knåa av vatn og havremjøl, og han var det som steikte ute i grua. 2 store stablar med flatbrød vart sette opp i stabburet. Me åt masse flatbrød.

Mor var opp kl. 6 kvar morgon, og juledagsmorgonen kl. 7 sat me alle samla ved bordet med stort klint-mat-fat og song: "Et lidet barn så lystelig er født for oss på jorden".

Inne

Kvar laurdagskveld heldt bestefar andakt. Om sundagane las han or ein huspostill, og me song 2 salmar. Me borna lika ikkje lange tekstar, for andre born venta ute. Far lika å syngja, det var helst or Alvestad's sangbok. Når han om kveldane kom inn, tok han ein unge på kvart kne og song om "Sirkusmannen".

I stova hadde far eit skåp med 6 rom i. Der hadde han skrivesakene sine, og han hadde god orden på alt. Han hadde to kasserarstillingar. Etter fyrste verdskrigen stod han for kjøp av matvarer, erter, gryn o. l. Då hadde han tre pengekassar i skåpet sitt.
Alt var ulåst. I eit av dei nedste romma hadde me skulebøkene våre. Me rørde aldri det som høyrde far til, me hadde ikkje lov til det, og det visste me.

Leik og moro ute

Me var seks syskin. Då me var små, leika me på eit fint skarv attmed steingarden. Me pynta med fine krusebrot. Borna i nabohuset var eldre enn oss, difor le ika me ikkj e i lag. Om sun'dagane fekk me gå til andre born og leika.
Om vinteren låg snøen oftast frå haust til vår. I kveldinga var me ute og rende på kjelke. Eldste bror vår stod på ski på tunnestavar. Dette såg onkel som var heime i jula, og like etter sende han eit par ski. Me rende på skøyter i måneskin. Då var me mange i lag, og hadde det veldig moro. Ein gong var skuleklassen på isen og slo ball.

Naboskapet var særs godt, men me gjekk ikkje inn til kvarandre utan ærend. Stundom vart me borna sende bort for å låna ei greip eller ein spa. Me fekk alltid det beste dei hadde.

Gravferder

Det var 5 dødsfall i nabostova då eg var barn. Eit av dei fyrste minna eg har, var at eg stod på ein gravkant, ei større gjenta tok meg vekk og tok plassen min. Når einkvan var død, kom der snikkar og laga kista. Sveip hadde eldre folk liggjande, ellers gjekk ein til sydamene med lerret og blonder. Alle hjå oss var med når det vart lagt i kista. Ho var svartmåla. Me såg når dei hadde sveipet på, og så hjelptes dei åt og fekk den døde i kista.
Me borna tykte det var stas med gravferder, mykje folk og mykje god mat.
Slekta var ofte innan grenda. 2 vaksne vart bedne frå kvart hus, seinare l frå kvart. Konene kom oftast og fylgde om det var ei kvinna som var død, mennene om det var menn.
Folk frå bygda vart gravlagde ved den gamle kyrkja som elles berre var i bruk olsokdag. Folk gjekk flittigt til kyrkje. Det var ca 4 km å gå. På kyrkjeveg traff konene kvarandre, likeeins på juletrefestane. Mennene kom saman i bygda sundag i kveldinga mest heile året. ..

Share to