• (Opphavsrett)

Basse - trøndersk gatesport

Som en introduksjon til gatesporten basse presenterer vi her et utdrag av artikkelen "Basse - ein trøndersport", av Bjørn Sørenssen:
Created with Sketch. Add a comment or suggest edits

"Medan eg skriv desse linjene er det vår, og da eg sykla forbi Lilleby skole på veg til arbeid i dag, kunne eg med lette konstatere at med våren i Trondheim, kjem også bassen.
 

Med jamnvekt på begge stavingane. I skolegarden er basserutene tatt i bruk og ein svart to-rings basse er på veg mot den berykta “dauruta” og rett etter stig den gamle kontroversen som eit hylekor opp mot vårhimmelen: “Blakka på daurut!” “Nei! Det må du sei først!” “Tosk! Det e ailltid blakka på daurut!” Og så bortetter til naseblodet flyt eller skoleklokka ringer. Eg syklar vidare eg veit at det enno fins faste haldepunkt i tilveret. Dessutan er det alltid blakka på daurut. Skulle berre mangle. Elles vart ein vel aldri ferdig.

Bassespelet, denne edle sporten, som saman med skotthyll er Trøndelags største gåve til den norske idrettsfloraen, er diverre også eit blankt kapittel i den norske idrettssoga. Så vidt eg veit, fins det førebels ikkje noke skriftleg materiale om basse, samstundes som eg i godt lag saman med andre trondheimsfolk ofte opplever at samtalen tar seg kraftig opp når ein kjem inn på dei innfløkte uskrivne bassereglane: her er alle like store autoritetar. Det blir mykje prat om at slik gjorde vi det på Lamon og slik på Byåsen, men enno har ingen tradisjonssamlar tatt på seg å få orden i dette digre tilfanget. Artikkelen er meint som ei utfordring til alle bassevenner i Trøndelag om å få fart i dette arbeidet og eit førebels første steg innafor ei ny forskningsgrein: bassevitskapen.

Først til sjølve gjenstanden. Ein basse blir laga av ringar som blir klipte opp av gamle sykkelslanger (vertikale snitt) som så blir bundne saman på ulike vis. Den enklaste forma er ein einringsbasse som på skap kan minne om ein smultring alt etter kor stramt ein knyt hyssingen. Einringsbassen er for småungar og nybyrjarar og klippsnittet på ringane er grovt. Den vanlegaste forma for basse er toringsbassen eller ein litt meir avansert modell basert på det same prinsippet, treringsbassen. Prinsippet for toringsbassen er to einringsbassar tredd i kvarandre. Problemet blir da å sjå til at bassen kjem i jamvekt, noko ein gjer ved hjelp av ulike samanbindingsmetodar. Ringsnittet skal vere så fint som mogleg, hyssingen skal vere stram, men ikkje for stram. Den ideelle toringsbassen skal minne om ein luftig ball og gje ein lett sprett ved tilslag. Det er viktig at knyttinga blir gjort skikkeleg. Det pinligaste ein basseeigar kan komme ut for er ein basse som går i oppløysing under spelet. Slikt blir ikkje gløymt så fort. Talet på spelarar kan vere frå to og oppover til tjue. Ein blir rådd til å haøde talet på spelarar under ti om ein skal ha noko håp om å få spele ferdig ein omgang innafor rimelig tid. Kvar deltakar lagar seg så kvar si rute med hjelp av krit, stole frå skolen, eller ein stein om underlaget er asfalt, hælen om underlaget er grus eller jord. (Eg skal ikkje her kommetere nærare dagens praksis med å sy putar under armane på den oppveksande generasjon i form av ferdigmåla basseruter i skolegardane).

Ei rute er i basseterminologi ein sirkel. Eg skal freiste å gje ei historisk forklaring på denne geometriske forvirringa lenger ute i artikkelen. No om ruta og konstruksjonen av ho: Spelaren freistar etter beste evne å konstruere ein så perfekt sirkel som mogleg med ein diameter på frå 1 til 1,5 m. På grusunderlag greier ein dette best ved å plassere den ein foten i sentrum og leike passar med beinet. Når dette er gjort, blir rutene sammenlikna og dei som er uakseptable, korrigerte. Det vanligste avviket kaller ein for eggrute, eit avvik som kan tolererast innafor visse, ikkje heilt definerte grenser. I regelen blir ein fort samde.

Så byrjer spelet. Målet er at ein ved hjelp av hovud, bein og bryst skal sjå til å få bassen plassert i ein av motstandarene si rute og sjå til at bassen ikkje hamnar i eiga rute. Til den første fasen i spelet, opplegget, er det knytt nokre viktige reglar: Den som legg opp, d.v.s. sett bassen i spel med foten, er nøydd til å sende den opp i ei bestemt høgd. Dei fleste stader i Trondheim er denne aksepterte høgda knehøgd. Ein informant frå Nonnegata påstår at han på Tyholt ein gong hadde kome i krangel med nokre gutar der som hevda at opplegget skulle gå i taskhøgd. Det har ikkje vore mogleg å få denne påstanden verifisert frå Tyholt-hald.

Vidare skal opplegget gjerast med eitt spark på bassen. Etter at bassen har komme i knehøgd og spelet er i gang, kan den einskilde “gå med bassen”, eller, som det retteleg heiter i terminologien, “vepp”. “Veppinga” skjer ved at ain held bassen i lufta med spark, knestøyt, headingar og bryststøyt med ein går mot motstandarane sine ruter.

Det er ikkje tillate å gå inn i ruta til den andre. Målet er så å legge inn bassen i ruta til ein motstandar, det blir da rekna som eit “mål” mot denne. Den som forsvarar ruta si har likevel lov til å gå ut av ruta for å hindre innlegg. Men det er ikkje særleg lurt å gå alt for langt ut av eiga rute, da ein kan risikere ein lobb over seg og ned i ruta.
Etter at bassen har hamna i ruta til ein av spelarane, blir status for omgangen gjort opp. Før spelet startar, blir spelarane samde om kor mange “mål” som kan tolas før ein må gå ut av spelet, eller blir blakka. Heiter det t.d. “blakka på fem”, må den som har fått fem “mål” mot seg gå ut. Etter kvart vellukka innlegg blir det så ropt opp kva stoda er, t.d.: 3-3-1-0-4. Knehøgdregelen gjeld ikkje når nokon skal legge inn etter at bassen har komme i spel. Det perfekte innlegget er lågt og hardt. Som i andre ballspel, gjelds det også her å finte ut motparten på førehand. I likskap med fotball er korkje hands eller angrep i kroppen på motstandar tillate. Både desse syndene blir straffa med ein straffer."

 

Resten av artikkelen kan du lese på basse.no
Gjengitt her med tillatelse fra artikkelforfatteren.

 

Created with Sketch. Add a comment or suggest edits

2 comments

  • Hei dette var artig! Jeg er en for lenge siden utfløtta trønder, og hadde glemt at vi spilte basse i skolegården og i gata på Ørlandet. Men det gjorde vi! Veldig artig å lese om det!
  • bra initiativ!

    vi har forresten lagt om basse.no nå. Stikk og se da vel!

    http//basse.no

Share to