• Photo: KK Bergen. KK pk 2632 (Opphavsrett)

Strandstaden Mo

Created with Sketch. Add a comment or suggest edits

Storflaum endra topografien

I gammal tid delte elva seg truleg i to ovanfor Mo, slik at garden lenge utgjorde ei øy omgjeven av elvelaup både mot nord, aust og vest. Mot sør grensa Mo til enden av det lange og smale Movatnet. Høgdeskilnaden mellom Movatnet og sjøen utgjorde kring to meter tidleg på 1700-talet. Ein svær flaum i Modalselva hausten 1743 fekk innverknad på topografien. Flaumen gjorde at gruseidet ved Mostraumen gav etter, og saltvatn strøymde inn i Movatnet ved flod sjø. Lågare vasstand i bassenget nedst i dalen resulterte i at Storelva vart stridare og følgde det vestre elvelaupet. Det austre elvelaupet innunder fjellet tørka ut. Garden Mo vart dermed landfast. Redusert vasstand gav både Mo-garden og nabogarden på vestsida av elva, Otterstad, nye bøar.
 

Kyrkjestad og bygdesentrum

Mo var kyrkjestad frå mellomalderen. Gardane oppover dalen hadde sine faste plassar ved sjøen på Mo. Her sagde og kløyvde dei ved som var fløytt ned elva. Ved utgjorde ei viktig salsvare. På desse plassane blei det også sett opp buer til lagring av varer som skulle til Bergen, og til ting som var kjøpt i byen. Særleg korn var ei viktig kjøpevare. På byferder slo gjerne folk frå fleire gardar seg saman. Buene ved sjøen var dessutan nyttige å ha som krypinn i samband med kyrkjeferd. Mo fungerte også som sentrum for gardane i den tilstøytande delen av Eksingedalen. Dei kom over fjellet både når dei skulle til byen og til kyrkje.

Dampbåtruter

Det var først då dampbåtane gjorde sitt inntog mot slutten av 1800-talet, at Modalen for alvor opna seg opp mot omverda. Ved mudring i Mostraumen i 1880-åra laga ein ei 48 meter lang og 2,5 meter djup renne, slik at rutebåtar kunne gå inn til Mo ved flod sjø og med los. Tjukk is var eit problem i den første perioden med dampbåtar. I dei hardaste vintermånadene kom berre båtane i beste fall inn til Mostraumen. Indre Nordhordlands Dampskibsselskab fekk mange oppmodingar om å skaffa seg ein ny båt med kraftig maskin og sterkt skrog. I 1908 vart Oster sjøsett, og dermed fekk Mo båtsamband også om vinteren. Den nyoppretta Modalen kommune gjenopptok i 1910 mudringsprosjektet i Mostraumen. Tre år seinare var renna blitt 3,5 meter djup, slik at dampbåtane kunne passera heile døgnet og greia seg utan los. Ved kaien på Mo kom også handelslag og postopneri.

Sand

Ein ny aktivitet starta på Mo i 1916, då ein byrja å ta ut sand. Sanden blei ført til kaien med hest og kjerre (seinare lastebilar) og lasta om bord i sandskøyter. Slike skøyter var eit vanleg syn på Osterfjorden gjennom størsteparten av 1900-talet. I nedre del av Modalen kom etter kvart ei rekkje store grustak.
 

Vegutløysing og kraftutbygging

I første halvdel av 1970-åra slutta rutebåtane å gå mellom Mo og Bergen, men vegutløysing i form av både tunnell til Eksingedalen (opna 1976) og veg langs Mofjorden til Romarheimsdalen og E-39 (opna 1996) har gjort livet lettare for modølingane og lagt tilhøva betre til rette for turisme. Modalen er omgitt av store fjellvider, og kraftutbygginga førte til kommunal velstand. På kommunesenteret Mo har det mellom anna kome ei rekkje med feriebustader ved sjøen, og i 2007 opna eit stort kulturhus, Bryggjeslottet, med mellom anna folkebibliotek, fleirbrukshall for idrett, konsertar og teater, symjebasseng og bowlingbane.

Created with Sketch. Add a comment or suggest edits

Share to