• Photo: Svein Nord (Opphavsrett)
  • Photo: Elizabeth Warren (Opphavsrett)
  • Photo: Ann Steindal (Opphavsrett)
  • Photo: Ann Steindal (Opphavsrett)

Lyngheiane på Lygra

Lyngheiane på Lygra er verna for at også framtidige generasjonar skal få kunnskap om det spesielle kulturlandskapet, som i eldre tid fanst langs kystane frå Biscaya til Troms.

Avskoging av landskapet

Tidlegare trudde ein at avskoginga av Vestlands-kysten skjedde etter ei markant klimaforverring ved overgangen mellom bronsealderen og jernalderen (ca. 500 f.Kr), gjerne kalla ”fimbulvinteren”. Etter at naturvitskaplege metodar som pollenanalyse og C-14 datering kom i bruk, skjøna forskarane at skogen hadde forsvunne gradvis over eit langt tidsrom frå slutten av yngre steinalder og fram til første del av jernalderen. Granskingar i Nordhordland har vist at introduksjon av jordbruk og oppkomst av lyngheiar fall saman enkelte stader, medan lyngheiane kan vera noko yngre enn gardsbusetjinga i andre område. Hovudårsaka til at lyngheiane oppstod, ser ut til å vera at bøndene svei av skogen for å skaffa beite til husdyra. Seinare heldt beitande husdyr kombinert med lyngsviing skogen borte.  

Vintergrøn

Røsslyng er ikkje eit så næringsrikt fôr som høy, men lyngen har den fordelen at han står grøn heile året. For hardføre småferasar som kunne gå ute også om vinteren, utgjorde lyngen dermed ei attraktiv føde. Skal lyngen ha maksimal fôrverdi, må han ikkje vera for lang. Dersom husdyrflokkane ikkje var store nok til å halda lyngen låg, kunne menneska hjelpa til ved å svi av lyngen med jamne mellomrom. Etter sviing tok det nokre år før lyngen igjen nådde rette vekstnivået som fôrplante. Lyngsviing har føregått i Nordhordland heilt fram til seinare tid og er såleis godt dokumentert. Lyngen kunne også skjerast med sigd eller stuttorv og nyttast som fôr til storfe som vart haldne inne om vinteren. Lyngsamling i utmarka var såleis ei vanleg haustsysle for bøndene.  

Vern av lyngheiane

Størsteparten av dei europeiske lyngheiane er no borte som følgje av oppdyrking, tilplanting og forureining. Berre somme stader langs norskekysten og i Skottland finst enno samanhengande lyngheiområde. Lyngheisenteret på Ytre Lygra vart etablert som ei halvoffentleg stifting i 1999 for å ta vare på denne særmerkte naturtypen. Bak opprettinga stod Hordaland fylkeskommune, Universitetet i Bergen, Lindås kommune, grunneigarane på Ytre Lygra, Regionrådet i Nordhordland og Gulen, samt Nordhordland handverk- og industrilag. Grunneigarar held kulturlandskapet i hevd med beite av utegangarar, lyngsviing og slått. Utmarka er tilrettelagt for friluftsliv, mellom anna gjennom eit nett av turstiar. I Utlurvågen finst eit tradisjonelt sjøbruksmiljø, og på øya Lurekalven like nord for Lygra ligg restane av ein øydegard frå vikingtid/mellomalder (sjå eigen artikkel).

Lyngheisenteret

Lyngheisenteret sitt informasjonsbygg kan by på utstillingar og filmframsyning, kafeteria med villsau på menyen og mogelegheit for kurs, konferansar og selskap. Her er undervisningsopplegg for barnehagar, skular og høgskular/universitet. Overnattingsgjestar kan ta inn i lemstova frå Lensmannshaugen på Eikanger, som for nokre år sidan vart flytta til Lygra. Huset skal vera frå om lag 1770.

Lyngheisenteret har fått fleire prestisjetunge europeiske kulturvernprisar. Det høyrer no under Museumssenteret i Hordaland, som ligg i Salhus.
 

Share to