• Photo: ukjent (Opphavsrett)

Johansplattingen

Created with Sketch. Add a comment or suggest edits

Vòrer

Fiskeplattingar (vòrer) vart bygde rundt århundreskiftet 1800-1900 og nytta til soltørking av salta fisk, mest torsk, men også sei, brosme og lange.
Klippfisktørking var ei viktig inntektskjelde for familiane rundt i distriktet, og der bøndene hadde strandline, vart stein frå dyrka mark nytta til fiskeplattingar. Svaberg der dette fanst, vart også nytta til tørking.
Andre måtar å tørke fisk på, var å strekke strengar over trestokkar som låg på bukkar. Slike fiskehjellar låg gjerne på skrinne, berglendte stader nær veg. Slik fekk ein kapasitet til å tørke meir fisk.
 

Klippfisktørking ute var vanleg fram mot slutten av 1950-talet, og gav ei viktig inntekt til hushaldninga for gardane langs kysten.
Tørking i sjøbuene med elektrisk tørke vart etter kvart meir vanleg og meir effektivt.
 

Frå saltfisk til ferdig klippfisk

Klippfisk er salta og tørka fisk. Fisken vart salta nokre veker før den vart tørka ute i langsamt tempo i sol og vind.

Saltfisken kom med frakteskuter nordfrå - frå Lofoten og Finnmark.
Frakteskutene la seg til slik at folk kunne ro ut med færingar og laste om bord fisken. Færingane vart gjerne breiddfulle av saltfisk når dei rodde inn mot land. Når ein hadde fått lempa fisken på land, kunne arbeidet med tilreiing og tørking begynne. Tørkinga gjekk føre seg tidleg på våren. Fisken vart først lagt i lad (sjå bilete) og dekt til med presenning og flake.
Når fisken hadde stått i press i lad ei tid, måtte fisken vaskast rein. Fisken vart vaska for gamalt salt og slo og svarthinna vart fjerna frå fiskebuken. Fisken måtte vere heilt rein. Jo kvitare, jo finare.

Deretter vart fisken salta på nytt og lagt i lad igjen. Neste operasjon var å "rogge" fisken. Då vart restar av svarthinne og blod skore vekk frå fiskenakken.
På solskinsdagar vart fisken lagt utover steinplattingane eller hjellane - ved middagstid vart fisken snudd, før den i kveldinga vart lagt i lad, og dekt til for natta.
Fisken vart dekt til med presenning og flake til vern mot nedbør eller dogg. Det var svært viktig at fisken ikkje vart våt - då vart den grå, og endå viktigare at den ikkje vart "brend", då hadde den ligge for lenge i sola. Fisk som vart brend, fekk ein dårleg pris for.

Fisketørkinga var hardt og ansvarsfullt arbeid og både barn og vaksne var med. Vanlegvis var det kvinner og barn som stabla fisken i lad og la den utover til tørking.
Det var vanleg at fisk tørka ute i 4-6 veker. Soltørkinga gjorde fisken fin og lys i kjøttet. Når fisken var ferdig tørka vart den send til Ålesund og gjort klar for eksport til andre delar av verda. Spania, Portugal, Italia og Brasil var viktige marknader for klippfisk frå Noreg.

Created with Sketch. Add a comment or suggest edits

Share to