• Photo: Ann Steindal (Opphavsrett)
  • Photo: Boye? (Opphavsrett)
  • Photo: Ann Steindal (Opphavsrett)
  • Photo: Ann Steindal (Opphavsrett)

Ambrosia Tønnesen og Ambrosiahuset på Hordamuseet

Created with Sketch. Add a comment or suggest edits

Studier i København og Berlin

Ambrosia Tønnesen vart fødd i Ålesund, men flytta til Bergen då ho var 17 år gamal. Der jobba ho som lærar medan ho tok kveldsundervisning i teikning og modellering ved Bergen Tekniske Skole. 25 år gamal fekk Ambrosia stipend frå Schäffers legat og saman med eigne oppsparte midlar reiste ho til København for å gå på Bertha Wegmann sin malarskule. Der fekk ho også kontakt med den norske bilethoggaren Stephan Sinding, som gav Ambrosia rettleiing i sitt atelier. Det var hjå Sinding ho tok avgjersla om å konsentrere seg om bilethogging i staden for maleri. Ho sa opp stillinga si som lærar og satsa fullt og heilt på kunsten. Ho drog til Berlin og vart elev hjå bilethoggaren Albert Wolff, som var påverka av tysk seinklassisisme.

Paris

I 1887, etter to år i Berlin, flytta Ambrosia Tønnesen til Paris og vart elev hjå René de Saint-Marceaux. Ho var den første og einaste elev han hadde. Marceaux arbeida i ein realistisk stil, og dette vart også førande for Ambrosia Tønnesen sin stil. I Paris lærte ho seg å hogge i marmor, men ho laga også figurar i bronse, og utvikla raskt ein sakleg og realistisk stil med stor portrettlikskap.

Ambrosia Tønnesen vart i Paris i 23 år og gjorde raskt entré på kunstnarbanen. Frå debuten i det prestisjefylte Le Salon i 1888, var ho representert med arbeider der kvart år og fekk fleire æresprisar. Medan dei fleste bilethoggarar anten nøgde seg med å lage modellar som spesialtrena hoggarar seinare meisla ut i stein, eller fekk dei grovhogga for sidan å fullføre skulpturane på eige hand, ville Ambrosia Tønnesen ta seg av også denne delen av produksjonen. Ho vart i Paris kjend som kvinna som arbeidde aleine.

Portrettar og statuar

Mange av arbeida hennar vart også stilt ut og seld i Noreg. Etter at ho flytta tilbake til heimlandet i 1910 reknar ein med at ho produserte om lag 70 arbeider, altså kring to i året. Det var mest portrett Ambrosia Tønnesen hogg ut, og blant dei mest kjende er portretta av Edvard Grieg (1902), Christian Michelsen (1924) og Amalie Skram (1916). Den monumentale bysten av Amalie Skram vert rekna som eit hovudverk i Tønnesen sin produksjon. Men Ambrosia laga også statuar. Sjølv rekna ho den av I. C. Dahl (1902; i nisjen over inngangspartiet til Permanenten i Bergen) som sitt hovudverk. Men også statuen av Ole Bull (1904; i vestibylen på Den Nationale Scene i Bergen) er eit meisterverk i så måte.

Kunstnarheimen

Då ho flytta heim til Bergen kjøpte ho seg eit eldre bustadhus – Runeplass – på Minde som ho fekk modernisert og bygd ut, mellom anna med eit stort rom med karnapp i første høgda. Huset vart til ein stilfull villa med hovudtrekk frå jugendstilen. Attmed villaen bygde ho eit eige atelier, og ei lita løe. Huset stod i vegen for vegutbygginga på Fjøsanger i 1992, og med midlar frå Vegvesenet vart det flytta til Hordamuseet kor det no er ein del av den faste bygningsutstillinga. Dette huset kan i dag leigast av kunstnarar som ynksjer opphald i Ambrosia Tønnesen sin gamle heim.
 

Created with Sketch. Add a comment or suggest edits

Share to