• Photo: Helge Sunde (Opphavsrett)

«Opedalsklosteret» og munkatreppene

Munkegarden

Noko kloster i vanleg tyding har det neppe lege i Opedal, men tradisjonen har nok ei kjerne av sanning i seg. Lyse kloster, som åtte Opedal, har her hatt ein god gard, litt utanom det vanlege; ein «grangiè»for å nytta cisterciensarmunkane sin terminologi — det vil seia ein bugard, driven som eit mønsterbruk. Staden der munkane budde, heiter enno Munkagard; eitt av dei tre tuna i Opedal. Kapellet er nemnt i 1310 — ei statskyrkje — og i eit dokument frå 1551 er det omtala ein jordepart i Lofthus, «som ligg nedanfor Øvstetun ved Opedal kloster». Her har det også truleg vore eit herberge. 

Mellomalderveg til vidda

Munkane som har halde til i Opedal, har nok også hatt ei hand med i den omhugsame muringa av trappene i dei brattaste partia av stigen, som går opp lia og innover vidda. Dette er ein av mellomaldervegane opp på vidda. Mellom Opesjo og Veivatn ligg stølen «Munkabu». Segna fortel at bua har namn etter Opedalsmunkane.
 

Share to