Fantahuset på Hauamyrane. Låg like ved vegen på Nera-Haua, like ved grensa mot Øvra-Haua. Det var Andreas Larsen som åtte huset, og det er nok han som står i døropninga i lag med k ...
Fantahuset på Hauamyrane. Låg like ved vegen på Nera-Haua, like ved grensa mot Øvra-Haua. Det var Andreas Larsen som åtte huset, og det er nok han som står i døropninga i lag med kona Lovisa. Til venstre ser vi truleg Sellandsnuten og til høgre Stegåsen.
Det var i åra 1891-1894 at dei fekk løyve av Torger Hauge til å setja opp huset. Før det hadde dei budd nede på Sand, i hus nummer 9 i Nordenden. Det huset kjøpte dei i 1877. Andreas var fødd i Lødingen i Nordland, Lovisa på Barkelandsberet i Jelsa. Han døydde i 1909, og Lovisa selde huset eit par år etter. Det vart rive og sett opp lenger oppe på Haua. Lovisa flytte då ned att til strandstaden. Då ho døydde i 1923, budde ho i eitt av dei husa som stod ved hotellet og som brann opp i 1960-åra.
Andreas og broren Per var reisande i periodar og i andre periodar faste innslag i bygdesamfunnet på Sand. Andreas hadde gått i smedlære og dreiv som blikkenslagar. På bildet ser vi at det var skorstein på tilbygget med ståande kledning og pannetak. Truleg hadde Andreas ei smie i dette tilbygget, der han dreiv med ymse lettare smedarbeid. I folketeljinga i 1900 vart han oppført som smed og blikkenslagar av yrke. I tillegg skal dei ha hatt nokre frukttre og litt åkerland, men ikkje husdyr.
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».