History
-
Det har alltid vore tre kyrkjesokner i Sørfjorden; Odda, Ullensvang og Kinsarvik. Den første kyrkja som vart bygd i Odda måtte stå der folket frå fjordgardane og dalane møttest, ved fjordbotnen. Det er ikkje sikkert stadfesta når den eldste kyrkja i Odda vart reist, men mykje tyder på at det kan ha vore kring 1050. Dette var ei enkel kyrkje, bygd som ei stavkyrkje. Etter dette kom den kyrkja vi i dag kjenner som den gamle steinkyrkja, og som kapellet på Berjaflot er ein kopi av. Kinsarvik har den eldste kyrkja - bygd i 1170-80. Ullensvang og Odda er nok 100 yngre, altså bygd kring 1270. Segna seier at det var skotske murarar som bygde kyrkjene. Oddakyrkja vart bygd mindre enn dei andre, det sokna ikkje så mykje folk til Odda den gong. Skipet var berre 10 meter langt og 6 meter breidt. Kyrkjemurane var 60 cm tjukke, bygd av gråstein som var lagt i kalk. Kyrkja hadde høgt og bratt tak som var spontekt, og kravde mykje vedlikehald. Kyrkjedøra henger i dag i våpenhuset i den nye kyrkja. Våpenhuset var eit tilbygg framfor hovuddøra der mennen sette våpna frå seg før dei steig inn i kyrkja.
Det som valdde mest bry og kostnad med den gamle steinkyrkja, var taket. Det var spontekt med furefliser. Denne var sett godt inn med tjøre, men måtte likevel ofte vølast og stundom skiftast. I 1634 bles taket av og måtte leggjast opp på ny. I 1634 vart det og sett opp utgifter til ein gapestokk. Kyrkja vart for trong til det stigande folketalet. For å skaffa meir plass bygde dei eit galleri i vestenden av skipet i 1665. I 1692 fekk kyrkja ei ny altertavle, betalt av Almuen, laga i 1688. Det er denne som er i kyrkja i Odda i dag.
I 1851 kom den nye kyrkjelova som påbaud at kyrkjene skulle ha plass til 3/10 av folketalet i sokna. Dersom dei ikkje hadde det, måtte kyrkjeeigarane anten utvida kyrkja, byggja ny, eller overlata henne til sokna etter avtale eller takst. Folketalet i Odda sokn var i 1865 1596.
Den gamle kyrkja vart reven på dugnadsarbeid ein laurdag i april. Kring 50 mann var med på rivingsarbeidet, medan dei som var mot rivinga, stod med hendene i bukselomma og såg på.Fotografering: 1860 - 1870
- Avbildet stedNorge Hordaland Odda Odda kyrkjesikker
Eierskap
License information
- License Attribution-NonCommercial-NoDerivs (CC BY-NC-ND)
- License Copyright
- pictures license See separate license below the photo at the top of this page
Metadata
- Identifieri-06198
- Part of collectionKraftmuseet - Norsk vasskraft- og industristadmuseum
- Owner of collectionHordaland
- InstitutionKraftmuseet
- Date publishedMarch 18, 2014
- Date updatedJanuary 27, 2024
- DIMU-CODE011012890130
- UUID352d80b0-5571-44c1-8ba2-0449428aea13
- Tags
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».