History
-
Vi ser også Bergen Bank, Handelshuset, Prestegårdshuset, Brekkehuset, Bygdebank-huset, kiosken i Skrevet.
Litt før klokka 16 denne fine vårdagen, kom det første flyet stupande inn over Odda i glideflukt frå Rossnos og ned Freimslia. Første bomba råka bustadhuset "Ulvahiet" på Freimssanden og kløyvde det nærast i to. Fire menneske mista livet og fire andre vart hard skadde. Fleire bomber vart slepte, men fall i sjøen uten å gjera skade. Flyet sette kurs oppover dalen og slepte ei bomba som fall i ei skråning i lia ovanfor Hjøllo. Steinspruten stod tvers over dalen og slo hol i hustak på den andre sida då bomba eksploderte i lia. Då flyet var kome til Hildal, snudde det og stupte ned rett over Odda sentrum, der det slepte neste bomba. Denne traff midt i sentrum, og Skytningsstova blei sprengd i stykker. mest alle hus i nærleiken, som Privatbanken og gamle politistasjonen, fekk store skader. Skytningsstova hadde vore fullsett då bombinga starta, men gjestene søkte straks ly i bomberommet ved Samvirkelaget, så ingen fleire menneske kom til skade.Fotografering: 1940
Eierskap
Classification
-
- Bebyggelsesmønster (Outline)OU 361
- Krigføring (Outline)OU 726
License information
Metadata
- IdentifierI-04243
- Part of collectionKraftmuseet - Norsk vasskraft- og industristadmuseum
- Owner of collectionHordaland
- InstitutionKraftmuseet
- Date publishedMarch 18, 2014
- Date updatedSeptember 29, 2023
- DIMU-CODE011012860796
- UUIDa584996a-77e3-4a15-b98d-066ea8ddb932
- Tags
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».