I auditoriet til Medisin- og helsefagbygget på UiT heng Luftspeiling av Arne Ekeland. Måleriet er ein del av ein serie Ekeland måla mot slutten av karriera, der temaet er økologisk ...
1 object
Den norske kunstnaren Arne Ekeland (1908–1994) var blitt heile 76 år då han måla den dramatiske visjonen "Luftspeiling", som heng på ein sidevegg i auditoriet til Medisin- og helsefagbygget ved UiT.
Ekeland var ein av dei fremste målarane i Noreg på 1900-talet. Måleria hans er ofte store komposisjonar med eit mangfald av fragmenterte figurar og symbol. Mykje av kunsten hans byggjer på surrealisme og kubisme; fargebruken er ekspressiv, perspektivet er usamanhengande. Desse verkemidla er med på å understreke den revolusjonære, konfliktfylde bodskapen – Ekeland er kjend som ein skarpt politisk målar: Samanbrot og revolusjon, arbeidarkamp og kommunistiske utopiar, kald krig og framandgjering er tema som går att i motivkrinsen hans.
Dei nakne, bleike og sårbare menneska i "Luftspeiling" er måla i ein skingrande, angstfylt koloritt av lilla, rosa og oransje. Måleriet ber ikkje bod om nokon framtidsoptimistisk kunstnar på slutten av livet. Øydelegging av naturen og forureining var viktige tema i samfunnsdebatten på 1980-talet, og dei opptok også Ekeland. "Luftspeiling" er ein del av ein serie han laga i åra frå 1978, og her finn vi menneske i ruinane av ei øydelagd verd, mellom maskindelar og utbomba byar.
For dei kommande legane og helsefagarbeidarane som studerer ved Universitetet i Tromsø, er det heftige, ekspressive måleriet til Ekeland ei påminning om kor sårbare vi menneske er, og om behovet vårt for å kunne falde oss ut i sunne, levande omgjevnader.
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».