HEKT - tekstilkunst frå samlinga I 1930 opna Heimeyrkeskulen på Jølster. Lite kunne skulen vite at den seinare, på 1970-talet, skulle huse eit kraftsenter for norsk tekstilkunst...
31 objects
Sottobosco I (As Abowe, so Below) [Skulptur]
Fra Årsutstillingskatalogen 2020: Sottobosco (underskog) er en form for stilleben som viser skogsmotiv på bakken, inkludert det mørke som skjuler seg under bakken, som mark, biller...
Dei første generasjonane utdanna tekstilkunstnarar trong jobb, og på Heimeyrkeskulen i Jølster var det stillingar. På dagtid lærte dei bort både teknikk, teikning og kunstteori, og om kveldane arbeida dei med eiga kunst.
Miljøet i Sunnfjord var eitt av mange i Noreg. Dei same tankane kjem til syne over det heile. Kan ein sy, veve eller spinne eit kunstverk? Det hadde vore tekstilkunstnarar i Noreg også tidlegare; vevkunstnarane Frida Hansen og Synnøve Anker Aurdal var akseptert som kunstnarar. Samstundes var dei alltid presentert som noko eineståande. Kva måtte til for å sjå på det å lage kunstverk i stoff som normalt? Var det til og med mogleg å sjå forbi kva for teknikk kunstverket var laga i, slik det var mogleg å sjå forbi ”korrekt” måleteknikk i måleriet?
Vi veit ikkje sikkert kvifor Sogn og Fjordane Kunstmuseum har ei av dei sterkaste tekstilkunstsamlingane i Noreg. Mykje er samla inn frå miljøet rundt Heimeyrkeskulen. Frå lærarane sine eigne prosjekt, men òg frå elevar som sidan vart kunstnarar i sin eigen rett. Andre delar av samlinga kjem utanfrå, frå resten av Noreg. Nokon har tatt eit val om at det er hos oss kunstverka høyrer heime. Kanskje på grunn av dei lange tekstiltradisjonane i området? Det er likevel ein forskjell mellom å vere i ei samling og å vere vist fram.
Kvifor har vi kunstverk i samlinga som ikkje har vore vist fram på 30 år, og som no står fram som våre viktigaste skattar? I HEKT har vi hekta av all anna kunst, og berre latt tekstilen stå igjen.
Dette er ei første oppreisning til ei oversett del av vår eiga samling – vi håper det kjem fleire.
Kurator: Eirin Mailund Svendsen
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».