Oselvar til regattasegling. Båten har bermudarigg 17m2, og seinare 15 m2, ror, rorstang og senkekjøl. Båten har ikkje årer. Tre spant, bak- og framsprong. Klinkbygd, tre bord.
Seksæring av tre. Båten har tre par årer, to par keiper framme og eitt par bak. Rull montert på babord side. Rigg: Råsegl. Ror. Klinkbygd, fire bord. Sju spant, bak- og framsprong.
Klinkbygd snekke med, ni bordgangar. Lite dekk i smal eikeplank framme og bak. Kjøl i eik. Vindskjerm i tre med to glas framme, på kvar side skrår skjermen ned bakover, sidene har ...
Klinkbygd snekke med, ni bordgangar. Lite dekk i smal eikeplank framme og bak. Kjøl i eik. Vindskjerm i tre med to glas framme, på kvar side skrår skjermen ned bakover, sidene har 4 glas. Glasa er montert i gummipakning mot treverk. I beslag innvendig på esing er det montert 6 metallbøylar for presenning i bomullstekstil, som kan plasserast over bøylane og knappast på langs kant av skjerm og esing. Akter har båten ror med rorstang og toblada propell. I enden av rorstanga mot roret er det festa ein vimpel på stang. Akter er det og to doble fortøyingspullertar i rustfritt stål. Det er sittebenkar med rom langs begge sidene og på tvers akter. Omlag midt i båten, på kvar side er det ei fastmontert firkanta kasse med flatt lokk for opbevaring. Midt i båten står motorkassa med lokk. Midt framme, bak vindskjermen eit fastmontert kompass. Her er og ei hylle med slingrekant og utskorne hol for koppar/glas. På dekket midt framme er det ein fortøyingspullert i tre og eit halegatt i rustfritt stål på kvar side. Her er det og eit beslag i rustfritt stål for montering av flagg eller vimpel. Båten har innanbords motor av merket Saab diesel, type G, 10 Hk, med elektrisk start, gødeplugg og vridbar propell. Produsert av Saab motor på Damsgård i Bergen
Strandebarmar, seksæring med tre bordgangar og kjølrenne, bygd for segl og årer. Tre tofter, to av banda har bete. Båten har høge stavnar. Feste for utenbordsmotor på babord side. ...
Strandebarmar, seksæring med tre bordgangar og kjølrenne, bygd for segl og årer. Tre tofter, to av banda har bete. Båten har høge stavnar. Feste for utenbordsmotor på babord side. Båten fekk påhengsmotor i 1950-åra og har påsett "flaps"/"foilar" på begge sider heilt akter. Malt innvendig, tjørebreidd utvendig med malt botn under vasslinja.
Osterfjordbåt, færing/fire årer. Fire keipar, to toftar, fire tiljer. Tre spant, bak- og framsprong. Klinkbygd med fire bord. Båten har vore robåt, og har ikkje spor etter rigg.
Oselvar for segl og fire årer. Båten er måla innvendig og utvendig. Rigg: For symmetrisk råsegl. Et par årer, ror, sveiv og rorstang (rorkult). Fire tofter. Ei tofte er nylaga for ...
Oselvar for segl og fire årer. Båten er måla innvendig og utvendig. Rigg: For symmetrisk råsegl. Et par årer, ror, sveiv og rorstang (rorkult). Fire tofter. Ei tofte er nylaga for å passe til masta. Til masta er det og eit nylaga feste i botn av båten. Dette har ikkje registreringsnummer
Det er omfattande reparasjonar på båten. For det meste med metallplater med strie til tetning mellom båtbord og bot, Metallplatene er klinka på. Brukt til garn-, line- og snørefiske. To par keiper. Fire spant, bak- og framsprong.
Åttring med rigg for symmetrisk råsegl. Båten har fem omfar med bordgangar. Klinkbygd. Fem tiljer, Fem tofter. Fire par keipar. Fem spant, fram- og baksprong.
Færing av strandebarmar type. Fire omfar/bordgangar, tre spant, fram- og bakrong. Båten har berre eitt par keiper, med keipsneve og tollepinne. Haldar for reiskap festa til esing. ...
Færing av strandebarmar type. Fire omfar/bordgangar, tre spant, fram- og bakrong. Båten har berre eitt par keiper, med keipsneve og tollepinne. Haldar for reiskap festa til esing. Restar av metallband langs kjølen, der bandet går opp over framstavn og akterstavn og festa over toppen på stavnane.
Pram (ferje) med eit par keiper. Jernsaum. To tofter - ei laus og ei fast. Kjetting og tau er festa på innsida framme. Restar av metallband festa i underkant utvendig framme og bak ...
Pram (ferje) med eit par keiper. Jernsaum. To tofter - ei laus og ei fast. Kjetting og tau er festa på innsida framme. Restar av metallband festa i underkant utvendig framme og bak. Prammen er rettskoren framme og bak. Klinkbygd, tre bord.
Oselvar for tre par årer og rigg med symmetrisk råsegl. Nytta til fiske og varetransport. Lasterom midt i båten, med overbygg ved lastføring. Båten kunne laste 15 tønner á 116 lite ...
Oselvar for tre par årer og rigg med symmetrisk råsegl. Nytta til fiske og varetransport. Lasterom midt i båten, med overbygg ved lastføring. Båten kunne laste 15 tønner á 116 liter sild. For å minske sjøsprøyt ved segling med last er påsett skvettripe på insida av esinga. Klinkbygd, tre bord. Fem spant, bak- og framsprong.
Åttring. Klinkbygd, borda er sauma med råsaum. Band, bekkjer, esing og tiljer er nagla med trenaglar. Hogne halsar. Båten er tjørebreidd. Rigg: Trapesforma råsegl. Klinkbygd, fire ...
Åttring. Klinkbygd, borda er sauma med råsaum. Band, bekkjer, esing og tiljer er nagla med trenaglar. Hogne halsar. Båten er tjørebreidd. Rigg: Trapesforma råsegl. Klinkbygd, fire bord. Fem spant, bak- og framsprong. Fire par keiper.
Tiæring av Hardangertypen. Båten har ikkje spor etter rigg. Klinkbygd, fire bord. Fem Spant, bak- og framsprong. Seks tofter, sju tiljer. Fem par keiper.
Metadata
Date publishedNovember 26, 2023
Date updatedNovember 26, 2023
DIMU-CODE0210914011843
UUID898c49c4-8fe4-4966-aa54-cef8cf4c4cc2
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».