History
-
Hans Einarson Haugen (1857-1899) fekk skøyte for garden Haugen, Saude Ytre (gnr. 86 bnr 5) i 1885 for kr. 2200. Same året bygde han ny løe på garden, og eit forretningsbygg med butikk og bakeri i kjellaren. Huset var tekt med bordsutak og raud teglstein. Dessutan bygde han eit tredje hus same året – ei sjøbud, også dette med teglsteintak. Erik Johannessen (1830-1909), som hadde drive handel på Haugsholmen fram til han gjekk konkurs i 1888, dreiv handel på Haugen i åra 1888-90. Erik var gift med Sara Einarsdtr. Haugen (f. 1849), og var altså svoger til Hans som bygde buda.
Handelsbuda var innreidd i landdelen av sjøbua med disk og hyller. Dessutan var det innreidd to små rom for lager og kontor.
I enden mot sjøen har huset vindehjul for å heise opp fisk og varer frå båt. Denne delen av buda vart nytta til innkjøp av fisk for salting.
Den gongen sjøvegen var viktigaste kommunikasjonsåra, låg Larsnes sentralt til som dampskipsstoppestad og handelsstad langs leia. Fram til første verdskrigen var det òg brennevinshandel i buda.
Erik Johannesen gav opp handelen på Larsnes i 1890, og flytte til Kristiania. Svogeren Hans overtok eigedomen, og leigde den dei komande åra ut til fleire ulike handelsmenn. I 1903 selde han til Rasmus Seljeseth (1851-1933), som dreiv handel her fram til sonen John R. Seljeseth (1890-1964) overtok rundt 1920. John la ned handelen i 1943.Oppføring: 1885 (Soga om Sande og Rovde, bd. 3 s. 156)
Hans Einarson Haugen fekk skøyte på eigedomen Haugen (gnr. 86 bnr. 5) i 1885. Same år bygde han løe, og eit nytt forretningsbygg med butikk og bakeri i kjellaren. Huset var tekt med teglstein. Same året bygde han sjøbud, også med teglsteinstak. Erik Johan Johannesen (1830-1909), som budde på bnr. 6 Haugen, dreiv handel 1888-90. Han hadde tidlegare drive handel på Haugsholmen, og var gift med Sara Einarsdotter Haugen.- ProdusentHaugen, Hans Einarsonsikker
Aksesjon: 1964 - 1965 (Korrespondanse i husarkiv)
Sunnmøre museum peika alt i 1959 ut Seljesethbuda på Larsnes som aktuell for flytting til museet. Dåverande eigar John Seljeseth, som var den siste som dreiv handel i buda (fram til 1943), kunne vere villig til å selge buda til museet, men det drog ut i tid. Dessutan var finansiering for å flytte buda utfordrande for museet. Då John Seljeseth døydde i 1964, tilbaud arvingane hans, borna hans Herlof og Liv Seljeseth, at museet skulle få overta bygniga som gåve.Flytting: 1969 (Husarkiv)
Seljesethbuda vart teken ned og flytta til Sunnmøre museum.Gjenoppføring: 1991 - 1992
Classification
-
- Detaljhandel (Outline)OU 443
License information
- License Contact owner for more information
Metadata
- IdentifierSM.046
- Part of collectionSunnmøre museum
- Owner of collectionStiftinga Viti
- InstitutionSunnmøre Museum
- Date publishedFebruary 29, 2024
- Date updatedFebruary 29, 2024
- DIMU-CODE0210514280105
- UUIDb1cce617-8b86-473b-8e77-d187b878568d
- Tags
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».