History
-
Loftet vart opphaveleg satt opp i ein høgde på Seim i 1636/37 (dendrokronologisk datering), skriftlege kjelder daterer reisinga til 1656.
Loftet vart flytta til Fjellskålnes i Hosanger på 1680-talet. Det vart loftet plassert oppå ein eksisterande bu, og vart seinare bygd saman med våningshuset på garden. Bygninga vart demontert i 1892 og seld til Foreningen til norske minnesmerkers bevaring i 1895. Bygget vart gjenreist i Muséhagen i Bergen i 1898 i anledning Bergensutstillingen, og vart stående der i to år før det igjen vart demontert og lagra i museumskjellaren ved Bergen museum.
Det vart gjort fleire forsøk på å få bygget flytta tilbake til Osterøy. Først på 1920-talet forsøkte Gjerstad fornminnelag å kjøpe tilbake bygget, men dette vart avvist. Robert Kloster ved Bergen museum tok igjen kontakt på slutten av 1940-talet med eit forslag om å gjenreise bygget på Gjerstad, og i 1950 var Fjellskålnesloftet med bu og svalgang omsider tilbake på Osterøy. Fortidsminneforeninga eigde framleis bygget, men 1987 vart eigarskapet overført til Osterøy museum.
Classification
License information
- License Contact owner for more information
Metadata
- IdentifierOM-B.001
- Part of collectionOsterøy Museum
- Owner of collectionHordaland
- InstitutionMuseumssenteret i Hordaland
- Date publishedOctober 3, 2023
- Date updatedMay 3, 2024
- DIMU-CODE0210513933467
- UUIDf4bfade2-986c-4a44-bf09-4646b8f1f433
- Tags
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».