History
-
Båten var i bruk som føringsbåt for Edvard J. Rundhovde sitt garveri på Valestrand frå han var ny i 1941 til båten vart sett på land for godt i 1959. Storbåten var bygd som garveribåt i Oma i Hardanger, hadde stor lastekapasitet og vart rodd med eitt par svært lange årer. Båten kunne lasta meir enn eitt tonn på ein gong.
Drifta i garveriet var delt mellom Gamlegarveriet i Timberdalen og Revheimsgarveriet («Filialen», som Edv. J. Rundhovde hadde kjøpt i 1905) ved Rundhovdeelva. Båten vart brukt til frakt av huder, garveekstrakt og andre varer frå dampen som la til ved dampskipskaien på Valestrand, frakt mellom Gamlegarveriet og Filialen og føring av ferdig ler frå garveriet til dampen. Så lenge det vart produsert kalkaler, vart det garva i begge garveria, men etter at valkene som var montert i 1925 (gradvis frå 1925 til 1940) tok over all garving av bindsoleler og soleler vart hår, feitt- og kjøtrestar fjerna frå hudene i gamlegarveriet, medan sjølve garveprosessen vart gjort i valkene i filialen, slik at storbåten vart mykje brukt til føring mellom garveria.
Garveriet hadde før krigen to storbåtar på deling med garveriet til Erik (seinare Mikal) Rundhovde. Den eine storbåten låg på sjøen og var i bruk, medan den andre låg i naustet eller vart vedlikehalden. Seinare brukte ikkje garveriet til Erik føringsbåt, sidan dampen eller andre båtar la direkte til garveriet for å lossa eller lasta.
Den førre storbåten vart knust mot botnen på svært låg fjære i ein storm medan han låg for ile utanfor Revheimsgarveriet i 1940.
Kjelde: Kaare Rundhovde, f. 1920, son til Edvard J. Rundhovde. Kaare arbeidde lenge i garveriet til faren før han tok lærarutdanning.
Bruk: 1941 - 1959 (bruksperiode)
Båten ble brukt på garveriene Gamlegarveriet og Filialen i ValestrandProduksjon: 1941 (ny)
Classification
License information
- License Contact owner for more information
Metadata
- IdentifierOM.13018
- Alternative name27/17 - Tidligere anvendt i egen institusjon
- Part of collectionOsterøy Museum
- Owner of collectionHordaland
- InstitutionMuseumssenteret i Hordaland
- Date publishedDecember 22, 2022
- Date updatedOctober 4, 2023
- DIMU-CODE0210213150547
- UUIDc86b5e89-a999-4cf3-ba94-4b0445db1f65
- Tags
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».