History
-
Det var stor mangel på stoffer i etterkrigstida. Fallskjermkassa vart funne av Johan Råd rett etter andre verdskrigen i eit tysk lager på Tromsøya. I eska var ein fallskjerm av silke. Denne vart det sydd tekstilar av, mellom anna en kjole. Johan var bror til Kjell og Aslaug. Johan var major i det engelske luftforsvaret under krigen. Johan var flygar, han markerte mål med lysbombe, så kom andre etter og bomba. Heile krigen var han i England.
Etter krigen fikk han oppdrag i Nordnorge på Tromsøya, på Skattøyra flyplass. Han arbeidde med gjenoppbyggina etter krigen. Dette området greide ikkje tyskarane å brenne, slik dei greidde lenger nord. Her på Tromsøya sto difor eit tysk lager att etter andre verdskrigen.
Fallskjermen var kvit ev ekte, finaste silke. Ved juletider 1946 fikk Aslaug, søstera til Johan, fallskjermsilke til å sy seg russekjole av. Det vart også sydd bluser og dukar av silka. Barnebarna til Aslaug har også brukt kjolen til russekjole.
Russekjolen hadde fire striper med raude band nede. Året etter til 17.mai, vart to av dei skift ut med blå. Prøver av desse banda er knytt fast til eine ermstroppen.
Aksesjon: 1998
Relation
- Object/Work – ComponentsThingKjole sydd av silke frå fallskjerm som låg i denne kassa (PROVISORISK206)
License information
- License Attrbution-ShareAlike (CC BY-SA)
Metadata
- IdentifierNFM.1998-00019
- Part of collectionNordfjord Folkemuseum
- Owner of collectionSogn og Fjordane
- InstitutionNordfjord Folkemuseum
- Date publishedOctober 20, 2021
- Date updatedOctober 20, 2021
- DIMU-CODE0210211381602
- UUID22d96320-2464-45a1-9ad0-26571c052d70
- Tags
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».