40,882 results in DigitaltMuseum:

Livstakk

Livstakk

Liv sauma av raud ullkypert, lett valka. Fora med ubleika bomullslerret. Ermhole, rundt hals og opning framme er kanta med blomstermønstra fleirfarga fløyelsband med svært avslitt fløyel. Innanfor kantingar er det påsett eit smalt metallband. Etter framkantane er det påsett 3 borer på kvar side, dei to øverste litt breiare enn dei fire nederste, alle har eit skåleforma lauv festa i midten. På framsida av den kurva delen er det fem ulike stempel: 63 i eit sirkelforma stempel, truleg årstalsstempel. Månadsstempel: 6 over M i rektangelforma stempel. Mesterstempel i bølgeforma ramme LAR, Lorentz Christopher Angel Reimers, fekk borgarskap i Bergen i 1832. Lødighetsstempel 13 1/3. Trapesforma stempel med 7 prikkar, Bergens bystempel. Lukking framme med to metallhekter på kvar side. Heile livet er sauma på maskin. Kanting er sauma for hand. Livet sauma på stakken for hand. Stakken er av heimevove ullerret, blåsvart. Splittopning midt framme. Samansett av 5 rette høgder med jare i begge sider, alle høgder. Faldelagt oppe med eit glatt felt framme mot splitt. Høgdene er sauma saman med maskin. Nedkant: 3 svarte smale sillkefløyelsband, nedanfor dei eit påsett stoffstykke av svart bomullsfløyel. Dette stoffet er ein hengefald, ikkje sauma fast i nedkant. Nedkanten er skonna på innsida med eit lerretsvove mohairstoff av mørk grøn farge. Sauma på med maskin. I nedkant av skonninga er det påsett eit blåsvart kosteband sauma på for hand. Kanten på linninga er av svart bomullssateng. Er bretta dobbelt og sauma på for hand på begge sider

Share to