Handel og handverk i vikingtid

article image

Handel og handverk i vikingtid med særleg fokus på kvernsteinsproduksjon i Hyllestad – eit senter for både lokal verdiskaping og internasjonal handel. Kvernsteinsproduksjonen knyter vikingtid, kristninga av landet og mellomalder saman, og gir elevane eit nært møte med menneska som forma fjellet gjennom handverk, kunnskap og slit.

Læringsmål

Kvernsteinsparken er eit fantastisk eksempel på handel og handverk, der elevane kan oppleve korleis vikingane utnytta naturressursar, utvikla handverk og bygde forbindelser med andre land gjennom eksport av kvernsteinar. Elevane lærer kvifor kvernsteinar var viktige for vikingane sin kvardag og matforsyning, og kan beskrive korleis kvernsteinsproduksjonen i Hyllestad knytte Noreg til handel med land som Island, Færøyane, Shetland, Sverige, Danmark, Tyskland, Polen og Estland. Dei reflekterer over samanhengen mellom naturressursar, handverk og samfunn, får kjennskap til overgangen frå vikingtid til kristen mellomalder, og opplever korleis menneska har forma landskapet gjennom arbeid og teknologi. Gjennom spennande historier om handel, reiser og bytte av varer får elevane forstå korleis kunnskap, handverk og ressursar gjorde Hyllestad til eit viktig senter i vikingtidens nettverk.

1. Velkomen i parken

Kort introduksjon om landskapet og historia

Forteljing om korleis Hyllestad vart eit produksjonssenter i vikingtida

Læraren/omvisar viser fram stein og forklarer kvifor akkurat Hyllestad-steinen var ettertrakta

2. Vandring i parken

Oppdag steinbrotet: Elevane går gjennom eit autentisk område og får sjå spor etter hogging frå vikingtid

Overgang til mellomalder: Produksjon av steinkrossar – symbol på kristendommen si framvekst

Historisk detektiv: Elevane finn og teiknar spor i landskapet (hoggmerke, brotrester)

Forteljarstund: Kva tenkjer elevane om menneska som arbeidde her? Kva kunne dei tene på handelen?

3. Avslutning og refleksjon

Diskuter: Kva likskapar finst mellom vikingtidas handel og dagens eksport frå Noreg?

Kva har vi lært om korleis steinbrotet i Hyllestad var knytt til både kvardagsliv og verdshistoriske hendingar?

Korleis heng naturressursar, tru og handel saman?

Kva for spor etter menneska i fortida kan vi sjå – og korleis minner det oss om vår eiga tid?

*Kopling til kompetansemål (LK20)

Samfunnsfag:

utforske korleis menneske i fortida skaffa seg det dei trengde, og korleis samfunn og teknologi utvikla seg

samtale om årsaker til og konsekvensar av handel og kontakt mellom ulike kulturar

Kunst og handverk:

bruke materiale og teknikkar frå ulike tradisjonar

reflektere over korleis handverk er del av kulturarv

Norsk:

uttrykke opplevingar og innsikt gjennom munnlege og skriftlege tekstar*

Maximum attendees

30

Place

Kvernsteinsparken, Hyllestadvegen, Hyllestad, Norge se kart

Duration

3 timer

Time period

April - November

Cost

Free

Other info

For nærare informasjon om våre pedagogiske opplegg, fasilitetar i parken, ber vi om at de tek direkte kontakt med Kvernsteinsparken. Våre tilsette svarar gjerne på spørsmål om tilrettelegging for barnehage- og skulebesøk, grupper og enkeltpersonar, og kan gje detaljar om dei ulike aktivitetane vi tilbyr. Vi legg stor vekt på å tilpassa opplegga etter aldersgrupper og behov, og ønskjer å skapa både lærerike og trygge opplevingar i eit inspirerande miljø. Kontakt oss for å avtala tidspunkt og planleggje eit besøk som passar for dykk. Kvernsteinsparken er ein utandørsarena med uisolerte formidlingsbygg. Ein lyt difor kle seg etter vêr og vind, gjerne i ull og eigna fottøy for vandring i ulendt terreng. Fare for bållukt. Til dels universelt utforma bygningar og formidlingsløype. Ta kontakt for ev. ynskje om tilpassing.

Competency goals

Inneholder læringsmål for:
  • 8. - 10. trinn: Kulturarv (LKA01-02)
  • vg1: Samfunnskunnskap (SAK01-01)
  • vg2: Antikkens kultur (ASK02-01)
  • vg3: Historie (HIS01-03)

Kulturarv (LKA01-02)

grades 8 - 10

  • utforske og formidle korleis materiell og immateriell kulturarv utviklar seg i samspel med, og er ein del av, eit moderne, mangfaldig samfunn
  • drøfte korleis ein ved å bruke, formidle og vidareutvikle kulturarv på ein berekraftig måte kan ta vare på han for framtida
  • bruke ferdigheiter, teknikkar, reiskapar og verktøy for å utøve ulike handverk og tradisjonar
  • beskrive korleis kulturarv kan vere ein identitetsmarkør, og reflektere over korleis dette kan komme til uttrykk i ulike grupper i samfunnet

Samfunnskunnskap (SAK01-01)

VG1

  • utforske og drøfte korleis næringsgrunnlag, innovasjon og teknologi formar og påverkar arbeidsliv og lokalsamfunn i Noreg
  • drøfte samanhengen mellom økonomisk vekst, levestandard og livskvalitet i eit globalt og berekraftig perspektiv
  • utforske og beskrive korleis organiseringa av samfunnet og arbeidslivet i Noreg har endra seg, og drøfte korleis den nordiske samfunnsmodellen møter utfordringar enkeltpersonar og samfunnet står overfor

Antikkens kultur (ASK02-01)

VG2

  • utforske og reflektere over hvordan ettertiden har forholdt seg til og brukt antikken politisk og ideologisk
  • sammenligne politiske styreformer i antikken
  • sammenligne antikkens og dagens ideer om enkeltmennesket i samfunnet, familien og maktrelasjoner
  • utforske tekster fra antikken og drøfte hvilken betydning de har som historiske kilder for vår forståelse av antikkens historie
  • analysere en tekst ut fra antikkens retoriske prinsipper
  • utforske og vurdere antikken som referanse og tema i senere kulturuttrykk

Historie (HIS01-03)

VG3

  • utforske fortiden ved å formulere problemstillinger, finne, vurdere og bruke ulikt materiale og presentere egne slutninger
  • sammenligne ulike framstillinger av en hendelse og reflektere over at historiske framstillinger preges av opphavspersonens ståsted og kontekst
  • utforske en historisk person og diskutere hans eller hennes tenkning, handlingsrom og valg i lys av samtiden han eller hun levde i
  • reflektere over hvordan fortiden brukes av ulike aktører og drøfte hensikten med denne historiebruken

Show competency goals

Order form

More school experiences

School

To kvinner - to vegar, eitt mot

Norsk Reiselivsmuseum

Norsk Samfunnsfag Grunnleggende norsk + 2 more subjects grades 5 - 7 grades 8 - 10
School

Haldens Bomuldspinderi & Væveri

Halden historiske Samlinger

Samfunnsfag grades 5 - 7
School

Cathrineholm - fra jernverk til emaljerte produkter

Halden historiske Samlinger

Samfunnsfag grades 5 - 7

Share to