Steinbrot i brytingstid

article image

Ei tverrfagleg oppleving i Kvernsteinsparken

I Kvernsteinsparken får elevane oppleve korleis produksjonen av kvernstein knyter saman fleire viktige epokar i norsk historie: vikingtid, kristninga av landet, mellomalderen og svartedauden. Aktiviteten gir eit nært møte med menneska som forma fjellet, med kunnskap, slit og handverk som la grunnlag for liv og kultur i Norden.

Samtidig vil vi sjå på dei mange steinkrossane som vart produserte i Hyllestad i høgmellomalderen. Desse symboliserer kristendommen si framvekst, og er tett knytte til den same kunnskapen og ressursane som kvernsteinproduksjonen bygde på.

Læringsmål:

Gje elevane innsikt i korleis steinbrot og kvernsteinsproduksjon var ein nøkkelindustri i Norden i over tusen år.

Synleggjere samanhengen mellom naturressursar, handel og kulturhistorie.

Utforske korleis vikingtid, kristendom, og pest påverka menneska, og lokalsamfunna i Hyllestad.

Gje elevane erfaring med å tenkje historisk og reflektere kring kvardagsliv, arbeid og tru i fortida.

Pedagogisk gjennomføring:

  1. Introduksjon på staden

Velkomen i parken, kort om Kvernsteinbrotet som historisk landskap.

Læraren/føraren fortel om kva kvernsteinen var brukt til (male korn → brød → livsgrunnlag).

Elevane får høyre korleis Hyllestad vart eit senter for produksjon, og kvifor akkurat denne steinen var så ettertrakta.

  1. Historisk kontekst

Vikingtid: handel, utveksling og reiser – kvernsteinen som ein del av den nordiske økonomien.

Kristendommen: steinkrossane i Hyllestad – symbol på ny tru og på kunnskapen til steinhoggarane.

Svartedauden: folketap, færre hender til å drive produksjonen, nedgangstider.

  1. Aktivitetar for elevane

Oppdag steinbrotet: Elevane går gjennom eit autentisk område og får sjå spor etter hogginga.

Hands-on oppgåver:

Prøve å hogge i granatglimmerskifer, bli kjent med verktøy og steinarbeid..

Diskutere kvifor steinhoggarane måtte ha samarbeid, teknikk og tålmod.

  1. Avslutning og refleksjon

Kva har vi lært om korleis steinbrotet i Hyllestad var knytt til både kvardagsliv og verdshistoriske hendingar?

Korleis heng naturressursar, tru og handel saman?

Kva for spor etter menneska i fortida kan vi sjå – og korleis minner det oss om vår eiga tid?

Maximum attendees

30

Place

Kvernsteinsparken, Hyllestadvegen, Hyllestad, Norge se kart

Duration

3 timar

Time period

April - November

Other info

For nærare informasjon om våre pedagogiske opplegg, fasilitetar i parken og gjeldande prisar, ber vi om at de tek direkte kontakt med Kvernsteinsparken. Våre tilsette svarar gjerne på spørsmål om tilrettelegging for barnehage- og skulebesøk, grupper og enkeltpersonar, og kan gje detaljar om dei ulike aktivitetane vi tilbyr. Vi legg stor vekt på å tilpassa opplegga etter aldersgrupper og behov, og ønskjer å skapa både lærerike og trygge opplevingar i eit inspirerande miljø. Kontakt oss for å avtala tidspunkt, få prisinformasjon og planleggje eit besøk som passar for dykk. Kvernsteinsparken er ein utandørsarena med uisolerte formidlingsbygg. Ein lyt difor kle seg etter vêr og vind, gjerne i ull og eigna fottøy for vandring i ulendt terreng. Fare for bållukt. Til dels universelt utforma bygningar og formidlingsløype. Ta kontakt for ev. ynskje om tilpassing.

Competency goals

Inneholder læringsmål for:
  • 5. - 7. trinn: Kunst og håndverk (KHV01-02)
  • 8. - 10. trinn: Kulturarv (LKA01-02)
  • vg3: Historie og filosofi (HIF01-03)

Kulturarv (LKA01-02)

grades 8 - 10

  • utforske og formidle korleis materiell og immateriell kulturarv utviklar seg i samspel med, og er ein del av, eit moderne, mangfaldig samfunn
  • drøfte korleis ein ved å bruke, formidle og vidareutvikle kulturarv på ein berekraftig måte kan ta vare på han for framtida
  • bruke ferdigheiter, teknikkar, reiskapar og verktøy for å utøve ulike handverk og tradisjonar
  • beskrive korleis kulturarv kan vere ein identitetsmarkør, og reflektere over korleis dette kan komme til uttrykk i ulike grupper i samfunnet

Kunst og håndverk (KHV01-02)

grades 5 - 7

  • utforske og reflektere over hvordan følelser og meninger vises i kunst, og bruke symbolikk og farge til å uttrykke følelser og meninger i egne arbeider
  • undersøke materialene i ulike gjenstander og vurdere funksjon, holdbarhet og muligheter for reparasjon og gjenbruk
  • bruke ulike strategier for idéutvikling og problemløsing

Historie og filosofi (HIF01-03)

VG3

  • drøfte hvordan ulike historiesyn kan prege vår forståelse og fortolkning av fortiden og nåtiden
  • utforske forholdet mellom mennesker og natur i forbrukersamfunnet og vurdere ulike ideer og oppfatninger om rettferdighet og menneskets plass i verden
  • gjøre rede for virkelighetsoppfatninger fra ulike tradisjoner og deler av verden og reflektere over hvordan mennesket og naturen har blitt verdsatt
  • finne, bruke og kritisk vurdere ulike kilder av ulik art og opphav, også originaltekster

Show competency goals

Order form

More school experiences

School

To kvinner - to vegar, eitt mot

Norsk Reiselivsmuseum

Norsk Samfunnsfag Grunnleggende norsk + 2 more subjects grades 5 - 7 grades 8 - 10
School

Haldens Bomuldspinderi & Væveri

Halden historiske Samlinger

Samfunnsfag grades 5 - 7
School

Cathrineholm - fra jernverk til emaljerte produkter

Halden historiske Samlinger

Samfunnsfag grades 5 - 7

Share to