Share to
Kva brukar me vatnet til? Lær om vatn i naturen, som kraftkjelde, i hushaldet og i kulturhistoria.
Denne skuledagen spenner frå dagleglivet til magien og verdspolitikken: Elevane ber vatn og vaskar klede, dei forskar og leitar etter liv i vatnet, og dei ser korleis vatnet driv bekkekverna og produserer elektrisitet. Me kjem også innom magiske førestellingar om vatnet, og vass-situasjonen i verda.
Duration
3-4 timar
Time period
9. mai, 13. mai, 14. mai og 15. mai
Cost
Free
Competency goals
- 1. - 2. trinn: Kroppsøving (KRO01-05), Naturfag (NAT01-04) and Samfunnsfag (SAF01-04)
- 3. - 4. trinn: Kroppsøving (KRO01-05), Naturfag (NAT01-04) and Samfunnsfag (SAF01-04)
- 5. - 7. trinn: Naturfag (NAT01-04) and Samfunnsfag (SAF01-04)
- 8. - 10. trinn: Naturfag (NAT01-04) and Samfunnsfag (SAF01-04)
Klassen vert delt i tre grupper, som skal innom desse stasjonane:
Vatn i naturen: Livet oppstår i vatn, og alt liv er avhengig av vatnet. Me snakkar om vatnet sitt kretsløp, og korleis vatnet formar naturen rundt oss. Me er også forskarar som leitar etter liv i dammen og studerer insekt o.a. i mikroskopet.
Vatn som kraftkjelde: ”Vatn er den sterkaste drykken, det driv både kvern og sag,” heiter det i eit gammalt ordtak. På denne posten ser me nettopp på korleis vasskrafta kan nyttast på ulike måtar, mellom anna til å driva bekkekverna og til å laga elektrisitet.
Vatn i hushaldet: All busetnad må ha tilgang til vatn, og i vår tid brukar me dagleg store vassmengder i hushaldet. Me drøfter bruk av vatn til folk og dyr, reinhald og hygiene og andre aktuelle tema. Det er vaskedag på husmannsplassen Henjasanden, og då må alle hjelpe til med å bere vatn med vass-sele og vaske klede ved dammen.
På slutten av dagen samlast alle. Me høyrer då om vatnet i folketrua, og dei mystiske vesena som ein finn der.
Påmelding
De melder dykk på ved å fylle ut skjemaet under. Hugs å fylle inn tidspunkt for ankomst og avreise i kommentarfeltet.
Fleire skuleopplegg
Her kan du finne fleire skuleopplegg på De Heibergske Samlinger