Share to
Gjennom breva til vesle Johanna blir vi kjend med historia om den lange reisa frå Noreg til eit nytt liv i Minnesota.
Maximum attendees
etter avtale
Place
Vestnorsk utvandringssenter, Museumssenteret i Hordaland, Hellandsvegen, Sletta, Norge se kart
Duration
3 timer
Other info
Bålpanner er tilgjengelege for matlaging.
På loftet i nybyggarstova er det mange gamle Amerikakoffertar, og i ein av desse finn vi ei samling brev. Vesle Johanna har skrive heim til farmor og fortel om den lange reisa over havet og i prærielandskapet før familien endeleg kjem fram til sin nye heim i Minnesota..
Borna får prøve seg på ulike aktivitetar i husa på prærien og utanfor. I skulehuset får dei prøve seg som elevar i gamle dagar, utanfor finn dei gull i gullgravarbenkane. Det er mykje rart å leike med på prærien, mellom anna tønner, tønnebånd og lasso.
På Vestnorsk Utvandringssenter får borna leike og utforske området og bli kjend med historia samstundes.