Share to
Formidlingsopplegget høyrar til den nye mellombelse utstillinga på Nordfjord Folkemuseum, DYREBAR. I DYREBAR ser vi eit utval av måtane alle delane av dyret blei utnytta i det tradisjonelle bondesamfunnet. Hår, hud, innmat, kjøt og bein blei gjort om til klede, verktøy, mat og pynt gjennom kunnskap overlevert frå generasjon til generasjon. Ingenting blei kasta!
Maximum attendees
20
Duration
1 time
Other info
Ved større klasser ønsker vi at dykk bestill to opplegg. Der halve klassa kan gjere friaktivitet i regi av lærar ute i friluftsmuseet, medan den andre gruppa er inne med museumspadagogen.
Competency goals
- 1. - 2. trinn: Samfunnsfag (SAF01-04)
- 3. - 4. trinn: Samfunnsfag (SAF01-04)
- 5. - 7. trinn: Samfunnsfag (SAF01-04)
Gjennom ei omvising i utstillinga får vi sjå både vakre, finurlege og kanskje litt morbide gjenstandar som på ein eller anna måte er laga med bruk av dyreprodukt.
Til slutt i omvisinga tar vi ein nærmare titt på ressursutnytting i dag, og kor langt vi er frå den sirkulære, miljøvennlege og berekraftige ressursutnyttinga vi ser i fordums tid.
Etter omvisinga gjer vi repeterende aktivitetar tilpassa dei ulike årstrinna. For småtrinnet repeterer vi kva vi får av dei ulike dyra som ku, sau og høne. Mellomtrinnet, ungdomstrinnet og vidaregåande får ein bildequiz kor dei skal sjå om dei hugsar kva dei ulike gjenstandane i utstillinga er laga av.
Etterarbeid:
På skulen sett de av ein skuletime til å sjå på FNs berekraftmål nr. 12 som handlar om å sikre berekraftig forbruks- og produksjonsmønstre. https://www.fn.no/om-fn/fns-baerekraftsmaal/ansvarlig-forbruk-og-produksjon
Elevane svarar i grupper på spørsmåla: - Kva gjer Norge bra? - Kva gjer Norge ikkje så bra? - Kva kan vi som enkeltpersonar gjere betre?
Få elevane til å snakke saman og fremme forslag til kva deira skule og lokalsamfunn kan gjere for å fremme meir berekraftig ressursutnytting.