Museumsbuss: Ungdom og identitet

article image

Kva vil det seie å vera ungdom? Og korleis har dette endra seg gjennom tidene?

Me tek ei tidsvandring gjennom 1900-talet, og prøver å sjå nærare på akkurat dette: Korleis har omgjevnadane påverka oss, og korleis har ungdomen påverka samfunnet? Til slutt prøver me saman å dra linjer til vår eiga tid. Skilandane er nok mange, men vil det også finnast likskapstrekk mellom ungdom i notid og fortid?

Maximum attendees

30

Duration

2 timar

Time period

18., 19., 20., 25., 26., 27. mars og 1., 2., 8. og 9. april

Cost

Free

Other info

Det kan vera kaldt på denne tida av året, så det er viktig at alle er kledd etter veret.

Competency goals

Inneholder læringsmål for:
  • 8. - 10. trinn: Samfunnsfag (SAF01-04)

Samfunnsfag (SAF01-04)

grades 8 - 10

  • beskrive trekk ved det politiske systemet og velferdssamfunnet i Noreg i dag og reflektere over sentrale utfordringar
  • reflektere over korleis identitet, sjølvbilete og eigne grenser blir utvikla og utfordra i ulike fellesskap, og presentere forslag til korleis ein kan handtere påverknad og uønskte hendingar
  • reflektere over korleis menneske har kjempa og kjempar for endringar i samfunnet og samstundes har vore og er påverka av geografiske forhold og historisk kontekst
  • reflektere over likskapar og ulikskapar i identitetar, levesett og kulturuttrykk og drøfte moglegheiter og utfordringar ved mangfald

Show competency goals

Museumsbuss for 9. trinn

Gratis museumsbuss er eit tilbod til elevar på 9. trinn på skular i tidlegare Sogn og Fjordane fylke. Les meir om vilkår på denne sida

Pedagogisk gjennomføring

I forkant av dagen har læraren som skal vera med klassen til museet fått tilsendt eit lite førearbeid som det er fint om de brukar litt tid på på skulen før de kjem. Her vil elevane bli oppfordra til å reflektera kring eigen identitet.

Sjølve dagen møtest me i hovudbygningen, der me snakkar litt om dagen. Etterpå tek me ein tur på uteområdet for å snakka om korleis det var å vera ung i Sogn på ulike deler av 1900-talet. Me besøker tidleg 1900-tal i Haugsatova, 1940-talet i Melheim, 1960-talet i Leite og 1980-talet i Stella.

Me avsluttar så med å dra nokre linjer til det å vera ung i dag, med utgangspunkt i førearbeidet som er gjort på skulen, og med det me har vore gjennom denne dagen som eit bakteppe.

Om de har ekstra tid de vil bruka på museet, er de hjarteleg velkomne til det! Eit tips kan vera å ta ein tur i utstillinga som vart laga av born og ungdom i 2000.

Tidsriktige 80-talsklede frå kataloghuset Stella.
Konfirmasjonsbliete frå 60-talet.
Stova i 60-talshuset Leite.
Melheimshuset viser livet på 1940-talet.
Haugastova er innreidd slik det var seint på 1800-talet, men fortel også mykje om livet tidleg på 1900-talet.
Fjøslemmen var soveplass for mangt eit ungt menneske.
Fjøskrakken står klar. Det var mykje som skulle gjerast.

Order form

More school experiences

School
Card Image

I gamle dagar

Museumssenteret i Hordaland

Musikk Norsk Samfunnsfag grades 1 - 2 grades 3 - 4
School
Card Image

Museumsbuss: Ungdom og identitet

De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum

Samfunnsfag grades 8 - 10
School
Card Image

Sex-turisme og menneskerett

Norsk Reiselivsmuseum

Samfunnsfag Norsk Religion og etikk grades 8 - 10

Share to