Share to
I samarbeid med ViteMeir tilbyr me eit læringsopplegg der du får lære om kva mat dei laga før i tida, korleis dei laga han, og kva matressursar me kan lære oss å nytte for at det skal vere nok mat til den aukande befolkninga på jorda!
Maximum attendees
30
Duration
180-210 min
Time period
1., 2., 3. og 4. oktober
Cost
Free
Other info
Klassen er halve dagen på museet og halve dagen på ViteMeir.
Competency goals
- 3. - 4. trinn: Naturfag (NAT01-04), Samfunnsfag (SAF01-04) and Mat og helse (MHE01-02)
I tidlegare tider var det naudsynt å nytte alle ressursar til det fulle, og den viktigaste oppgåva var å skaffe seg det daglege brød.
På museet vil de lære om tidlegare tiders matproduksjon – først og fremst gjennom å sjølve laga mat som «i gamle dagar». Og på ViteMeir får de vere med å lage mat med ingrediensar me ikkje er vane med å bruke i vår kultur.
I begge delane av opplegget er fokuset på berekraftig utnytting av matressursar eit fokus. Samtalar rundt tradisjonar, vanar og kulturar er ein viktig del av opplegget.
Klassen er halve dagen på museet og halve dagen på ViteMeir.
Pedagogisk gjennomføring på museet
- Oppstart og info. Elevgruppa blir delt i to mindre grupper.
- Aktivitet 1: Rebus i Indre Sogn tunet og eigenaktivitetar knytt til gardsdrift i eldre tid.
- Aktivitet 2: Potetkakebaking i Leirmostova
- Gruppene bytter slik at alle elevane får prøvd alle aktivitetane.
- Til slutt får elevane smake potetkakene medan me oppsummerar dagen
Lunsj og transport til ViteMeir
Det er mogeleg å gå langs skogsvegen mellom museet og ViteMeir. Eventuelt busstransport med eigen buss.
Resten av dagen føregår opplegget på ViteMeir, der elevane lærer å lage det som kan bli framtidsmat med ingrediensar som ikkje er heilt vanleg, endå!
Potetkakebaking, tradisjonsmat i praksis
Påmelding
Her kan du melde på klassen din