Share to
Ei uredd og normbrytande kvinne!
I utstillinga på museet møter me den fyrste norske kvinneleg turisten, kanskje den fyrste norske kvinnelege kunstmålaren – ei svært modig kvinne som braut med normene for si tid. Gjennom forteljinga hennar vil elevane bli presentert for prospektsjangeren i norsk kunsthistorie. Catharine (1788-1859) var ein norsk vandrar, reiseskribent og målar. Ho er mest kjend for sine mange og lange fotturar i Noreg og til Europa. Ho teikna kart og skreiv meteorologiske rapportar. Catharine Hermine Kølle var ei kvinne som søkte inspirasjon til utviklingspotensiale gjennom sine vandringar til Europa, og på same tid var ho nøgd med sin kvardag i Ulvik. I kraft av sin eigen person fekk ho stor påverknad når Noreg skulle skape sin identitet som eigne nasjon.
Opplegget gir eit høve til å tenke seg inn i ei tid der jenter ikkje fekk utdanning. Dei var so og sei utan rett til eigne meiningar.
Elevane skal forstå kor krevjande det var å reise i Noreg og i Europa på 1800-talet, samt at dei skal reflektere over korleis teknologi og infrastruktur har endra reiseopplevingar.
Maximum attendees
20
Duration
2 timar
Time period
Veke 24, 33, 34, 35, 36,37 og 38
Cost
Free
Competency goals
- 5. - 7. trinn: Kunst og håndverk (KHV01-02), Samfunnsfag (SAF01-04) and Norsk (NOR01-06)
- 8. - 10. trinn: Samfunnsfag (SAF01-04), Kunst og håndverk (KHV01-02), Kulturarv (LKA01-02) and Norsk (NOR01-06)
Ei banebrytande kvinne på 1800-talet
Måleri av Catahrine H. Kølle, heimstaden i Ulvik. Dette var utgangspunktet for hennar 15 lange vandringar i inn- og utland.