Stiftinga Sunnmøre Museum

Stiftinga Sunnmøre Museum består av 12 ulike museum i regionen. Vi samlar inn materielle og immaterielle minne som særpregar vår region. Gjennom våre samlingar fortel vi om natur, liv og arbeid på Sunnmøre dei siste 10.000 år.

About Stiftinga Sunnmøre Museum

Sunnmøre Museum
Sunnmøre Museum er eit folkemuseum med kulturhistoriske utstillingar og ei omfattande samling av gamle hus og båtar. Museet dokumenterar og formidlar Sunnmøres kulturhistorie frå steinalder og opp til nyare tid. På området finn du 55 gamle hus omkransa av eit vakkert friluftsområde. I Båthallen og ved kaia finn du ei omfattande båtsamling.

På museumsområdet ligg også Middelaldermuseet som er bygd over tufter frå Borgundkaupangen. Kaupstaden Borgund er ein delvis utgrave handelsstad frå middelalderen. Arkeologiske funn og utgravingar er stilt ut i Middelaldermuseet som ligg midt i det gamle historiske området.

For meir informasjon sjå musea sine felles heimesider www.sunnmore.museum.no.

Aalesunds Museum og Fiskerimuseet
Aalesunds Museum gir oss små glimt frå byen si historie, og fortel først og fremst om folk sin kvardag, i arbeid og fritid. Høyr den fantastiske historia om den kjente livbåten Brudeegget eller sjå museet si omfattande utstilling om andre verdskrig. På Fiskerimuseet finn du utstillingar om både medisinsk tranproduksjon, klippfisk i tillegg til ei stor utstilling om havfiskeflåten.

For meir informasjon sjå musea sine felles heimesider www.sunnmore.museum.no.

Brudavolltunet
Brudavolltunet er eit sjarmerande gardstun som er forholdsvis lite endra sidan første halvdel av 1800-talet. Her finn du både idyllisk fred og ro i tun og hage, og gjenstandar og hus som vitnar om harde tak i kampen for føda. Eit våningshus med loft, ei kårstove med eldhus, eit stabbur, ei freda grindløde med fjøsar, eit truskarhjulhus med mura vassrenne og ei gardssmie gir deg til saman ei spennande gardshistorie.

For meir informasjon sjå musea sine felles heimesider www.sunnmore.museum.no.

SivertAarflot-museet
For 200 år sidan vart Bygdenorge sitt første trykkeri etablert. Gjennom ei spennande utstilling får du eit innblikk i både trykkerihistoria og etableraren Sivert Aarflot.

For meir informasjon sjå musea sine felles heimesider www.sunnmore.museum.no.

Volda Bygdetun og Garverimuseet
Museet er eit bygdemuseum for Volda Kommune. Tunet er ein rekonstruksjon av eit gardstun slik det såg ut etter det store jordskiftet på 1860-talet. Alle husa er frå Volda og er i høg grad bygningshistorisk representative for dette området.

På Garverimuseet finn du eit intakt garveri og skinnverkstad.

For meir informasjon sjå musea sine felles heimesider www.sunnmore.museum.no.

Dalsfjord Fyrmuseum
Hovudoppgåva til Dalsfjord fyrmuseum er dokumentasjon og formidling av den sosiale historia til dei som har vore med å bygge fyr, lykter, merker, fortøyingsfester og hamner langs heile kysten - heilt frå 1825.

Av dokumentasjon fin du sjølvbiografiar, dagbøker med gripande kvardagsskildringar og arbeidsattestar heilt frå 1840 talet. Fyrmuseet har òg ei stor mengde bildemateriell, heilt tilbake frå slutten av 1800-talet. Museet har også ei stor samling av teknisk utstyr og verktøy som har vore utskifta i Kystverket.

For meir informasjon sjå musea sine felles heimesider www.sunnmore.museum.no.

Godøy Kystmuseum
Godøy Kystmuseum har mange og spennande lokalhistoriske samlingar. I tillegg til eit lite filmamfi med fiskerihistorisk film, viser museet fiske- og fangstutstyr frå øya si tradisjonsrike fiskerihistorie. Tek du turen ut i naustet finn du fleire gamle bruksbåtar. I Opigardstova får du historia om dei lokale losane.

Under 2. verdskrig vart det gøymt flyktningar og Englandsfararar på loftet til det som i dag er museet si hovudbygning. Sjå ei «personleg» utstilling med både gjenstandar og forteljingar som fortel om Giske kommune si omfattande krigshistorie.

Museet har også ei spennande arkeologisk utstilling frå Giskes forhistorie med blant anna funn frå dei store gravhaugane frå yngre romartid (375-400 år e. Kr.).

For meir informasjon sjå musea sine felles heimesider www.sunnmore.museum.no.

Herøy Kystmuseum
Kystmuseet ligg på ei lita øy, ved kystleia, som ber namnet Herøy. Øya har hatt ein sentral plass i regionen i over 1000 år. Her var tingstad med gildestove i middelalderen, kyrkjestad frå ca. 1100 -1916, prestegard fram til 1761 og handelsstad frå 1700-talet til 1916. På området finn du også kyrkjeminne fra 1100-talet med gravplass.

Museet i dag er den gamle handelsstaden, slik den vaks fram på 1800-talet med ulike bygningar, interiør, fiskereiskapar og båtar. På museet finn du også ein kopi av både Kvalsundbåten, datert til 600-talet, og av ei Sunnmørsjekt frå 1700-talet.

For meir informasjon sjå musea sine felles heimesider www.sunnmore.museum.no.

Ishavsmuseet Aarvak
Vart oppretta i 1981 og har som føremål å ta vare på dei rike tradisjonane på Vestlandet frå selfangst og anna virke i polare strøk. Museet består av den verna ishavsskuta «Aarvak», den eldste gjenverande i sitt slag, som i dag står på land i eige hus. Museet har meir enn 4000 gjenstandar. Blant desse er ei rekkje utstoppa dyr: moskus, polarulv, polarrev, fire isbjørnar og fleire selar og arktiske fuglar. Museet har også ei stor samling med omlag 8000 foto som illustrerar dette miljøet. Museet har også ei omfattande samling arktiske filmar.

For meir informasjon sjå musea sine felles heimesider www.sunnmore.museum.no.

Norsk Møbelfaglig Senter
Senteret er eit museum og dokumentasjonssenter for den norske møbelindustrien med blant anna eit rikhaldig bibliotek, kjeldeskrifter frå møbelbedrifter og eit bildearkiv. Her finn du også ei stor samling møblar og produksjonsutstyr som viser utviklinga av den møbelindustrielle produksjonen i Noreg frå forgje hundreårsskifte og fram til i dag.

For meir informasjon sjå musea sine felles heimesider www.sunnmore.museum.no.

Sykkylven Naturhistoriske Museum
Museet har ei unik samling med meir enn 270 dyr og fuglar frå Noreg og Svalbard. Her finn du mellom anna isbjørn, moskus, elg, gaupe, ulv, ugler, ørner og falkar. Det særeigne med utstillinga på museet er at dyr og fuglar er satt i naturtrue montrar med vegetasjon og kunstmåleri. Ei spennande utstillingsform som plasserer dyra og fuglane i sine rette element. Fuglefjell, våtmarksbiotop og landskap frå høgfjellet er nokre døme på det.

For meir informasjon sjå musea sine felles heimesider www.sunnmore.museum.no.

Ytste Skotet
Ytste Skotet er ein museumsgard som ligg veg- og straumlaust til i Storfjorden på Sunnmøre. Her får ein oppleve livet på fjordgardane i før-industriell tid. Publikum, store som små kan ta del i dei ulike arbeidsoppgåvene som var vanlege før. Alt frå dyrestell, åkerarbeid, vedkløyving til matlaging på vedkomfyr og i grua.

For meir informasjon sjå musea sine felles heimesider www.sunnmore.museum.no.

Landbruksmuseet
Museet ligg på Gjermundnes og vart skipa i 1979. Museet femnar om heile Møre og Romsdal og samlar inn, tar vare på og stiller ut maskiner, reiskap, bruksting, litteratur, foto o.a. som knyter seg til landbruket og landbruksnæringa i fylket.

For meir informasjon sjå musea sine felles heimesider www.sunnmore.museum.no.

Stifitinga Sunnmøre museum er ein del av Musea i Møre og Romsdal.

You'll find us here

Share to