Sunnhordland Museum

Sunnhordland Museum har ansvar for kulturhistorisk formidling i Sunnhordlandsregionen. Under museet ligg m.a. fleire historiske tun, Stord Maritime Museum, Gruvene på Litlabø og Halsnøy kloster. Administrasjonen er på Stord.

News

About Sunnhordland Museum

Sunnhordland Museum er regionalt ansvarsmuseum for alle dei åtte kommunane i Sunnhordland. Museet driv òg formidling i den tidlegare Sunnhordlandskommunen Ølen, no Vindafjord kommune i Rogaland, då museet eig Nerheimstunet der.

SM har ei viktig oppgåva som «minnebank» for heile regionen. Det vil sei at museet skal dokumentera regionen si historie gjennom innsamling, bevaring, forsking og formidling. Museet skal fremja interesse for kunnskap om fortida, og særleg stimulera barn og unge si interesse for den lokale historia.

SM har ansvaret for 11 museumstun og anlegg spreidd over seks kommunar. Museet forvaltar 49 antikvariske bygningar, ei stor gjenstandssamling, og foto- og privatarkivsamlingar. Museet arbeider med mange historiske fagfelt som strekkjer seg frå mellomalderen på Halsnøy kloster, til den tradisjonelle fiskar- og bondekulturen og tidleg industrialisering ved båtbygging, gruvedrift og hermetikkindustri, fram til dagens moderne mekaniske skips- og petroleumsindustri. Blant dei største avdelingane er Sunnhordlandstunet, Halsnøy kloster, Stord Maritime Museum og Gruvene på Litabø.

You'll find us here

Share to