Share to
×
Norsk Reiselivsmuseum er ein del av Musea i Sogn og Fjordane. Museet formidlar reiselivshistorie frå tidleg 1800-tal og fram til i dag, og er lokalisert i sentrum av Balestrand kommune.
Om Norsk Reiselivsmuseum
Norsk Reiselivsmuseum er eit museum som formidlar reiselivshistoria her i landet frå byrjinga av 1800-talet fram til i dag. Museet held til i antikvariske bygningar på kaia i Balestrand og er det første ein møter når ein kjem til staden med båt, bil eller buss. Husa er ulike i stil og vart bygd i perioden 1880 – 1920.
Norsk reiselivsmuseum held til i eit nytt lokale, skore inn i grunnfjellet i Balestrand. Det vert opna for publikum i april, 2016.
Send e-post til museet: nrm@misf.museum.no