Nordsjøfartmuseet ligg i Telavåg. Under krigen var den norske motstandsrørsla avhengig av utstyr som vart frakta over Nordsjøen frå Storbritannia. Folk i Telavåg hadde ei sentral rolle i dette arbeidet. Då det vart oppdaga av Gestapo, fekk det dramatiske følgjer for folket og bygda.

About Nordsjøfartmuseet

Nordsjøfartmuseet ligg i Telavåg på øya Sotra vest for Bergen. Under andre verdskrigen var Telavåg eit av knutepunkta i Nordsjøfarten – den illegale båttrafikken mellom Noreg og Storbritannia.

26. april 1942 blei to tyske offiserar skotne av norske agentar i Telavåg. Tyskarane reagerte med alvorlege represaliar. Alle vaksne menn blei sendte til tyske konsentrasjonsleirar, medan kvinner og born blei internerte på Framnes i Hardanger. Deretter vart heile bygda jamna med jorda.

Nordsjøfartmuseet is a part of

You'll find us here

Share to