Museumssenteret i Hordaland

Museumssenteret i Hordaland (MuHo) har eit stort mangfald i samlingane. Vi har tradisjonelle samlingar av materielle og immaterielle kulturminne, men i tillegg har vi eit ansvar for å ta vare på og verne om kulturlandskap og kulturbiologiske system.

About Museumssenteret i Hordaland

Museumssenteret i Hordaland er ein kultur- og naturhistorisk museumsorganisasjon som driv bevaring, forsking, undervisning og formidling om kultur- og naturhistorie frå fortid til samtid, knytt til naturlandskapa, busettings- og bygningshistorie, nærings- og industriutvikling, sosialhistorie og samferdsel. Museumssenteret i Hordaland utfører også tenester innan samlingsforvaltning for musea i Hordaland.

Museumssenteret i Hordaland (MuHo) består av fleire museum i Hordaland og har avdelingar i Salhus, på Lygra, Radøy og Osterøy. Museet er regionmuseum for kommunane Austrheim, Fedje, Lindås, Masfjorden, Meland, Modalen, Radøy, Osterøy, Vaksdal.

Museumssenteret vart det første konsoliderte museet i Hordaland ved samanslåinga av Norsk Trikotasjemuseum, Bevaringstenestene og Felleskonservator for tekniske og industrielle kulturminne i Bergen i 2004. I 2006 vart avdelinga Kulturverntenesta i Nordhordland oppretta. Frå 1. januar 2007 vart drifta av Osterøy museum, Havråtunet også ein del av MuHo, medan Lyngheisenteret kom med frå 12. februar 2007. Vestnorsk utvandringssenter vart konsolidert inn per 01.01.2010.

You'll find us here

Share to