Jærmuseet

Jærmuseet sine samlingar har fokus på landbruk og industri i regionen, men inneheld også fly, krigshistorie og daglegliv.

About Jærmuseet

Jærmuseet skal som kulturhistorisk museum dokumentera, bevara, forska og formidla livet til menneska gjennom historia. Ein viktig del av arbeidet i museet er å samla historiske kjelder som gjenstandar, fotografi, film, arkiv og bøker, og formidla desse til alle som søker kunnskap om samlingane.

Jærmuseet er det yngste av regionmusea i Rogaland, med oppstart i 1985. Museet overtok då landbrukssamlinga til Høyland Bygdemuseum. Museet samlar gjenstander og arkivmateriale som dokumenterer regionen si historie, m.a. gjennom å driva samtidsdokumentasjon. Museet legg vekt på både by- og bygdehistorie i Sandnes og resten av Jæren. Me har serleg vekt på det mekaniserte jordbruket og regional industri, både eldre og nyare. I dag er samlingane til Sandnesmuseet, Jonas Øglænds Bedriftsmuseum, Krossens Havremølle, Hå Bygdemuseum, Gjesdal Bygdemuseum, Klepp Bygdemuseum, Randaberg Bygdemuseum, Tungenes Fyr, avd. av Kystverkmusea og Nasjonalt Garborgsenter del av Jærmuseet.

Samlingene frå alle desse blir lagt ut på DigitaltMuseum.

You'll find us here

Share to